Adama Barrow (fødd 15. februar 1965) er ein gambisk politikar og noverande president i Gambia.[1] Han blei teken i eid ved ein seremoni halden ved den gambiske ambassaden i Dakar i Senegal den 19. januar 2017, etter at han vann presidentvalet i 2016.[2][3] Retten hans til presidentposten blei omstridd av den føregåande presidenten Yahya Jammeh. Barrow er medlem av partiet United Democratic Party (UDP).[4]

Adama Barrow

Fødd15. februar 1965 (59 år)
Basse Santa Su, Mansajang Kunda
Statsborgar avGambia
Yrkepolitikar, kasserar
EktefelleFatoumatA BAH
Alle verv
  • Gambias president (2017–) Sjå dette på Wikidata

Før presidentkampanjen var han kasserar i UDP og dreiv eit eigedommeklarføretak.[5] Han skipa føretaket, Majum Real Estate, i 2006 etter at han vende heim frå studiane sine i London i England.[6]

21. januar 2017 forlet Jammeh Gambia og drog i eksil etter ei avtale med ECOWAS, slik at maktskiftet kunne halda fram og Barrow blei fullt ut president.[7] Ved presidentvalet i Gambia 2021 blei Barrow gjenvald.[8][9]

Kjelder endre

  1. «'Adama Barrow appears at independent electoral commission today'. In: Website Metroafrique, 9 Nov. 2016». Arkivert frå originalen 2. december 2016. Henta 20. januar 2017. 
  2. «Gambia crisis: Barrow sworn in in Senegal as Jammeh stays put». BBC News (på engelsk). 19. januar 2017. Henta 19. januar 2017. 
  3. «Gambia: Why there's political turmoil in this small African nation». Henta 19. januar 2017. 
  4. Saidykhan, Musa (1. september 2016). «Breaking News: Adama Barrow Is UDP's Candidate». Kairo News (på engelsk). Arkivert frå originalen 6. oktober 2017. Henta 25. november 2016. 
  5. «'No drama Adama' Barrow seeks to end Gambia's erratic Jammeh era». Henta 19. januar 2017. 
  6. «Adama Barrow, the man who ended Jammeh's 22-year rule». Henta 19. januar 2017. 
  7. BBC News. «Ex-President Yahya Jammeh leaves The Gambia after losing election». BBC News. Henta 22. januar 2016. 
  8. Emil Eller (6. december 2021), Præsident vinder valget i Gambia - men hans modstander vil ikke acceptere resultatet, DR, henta 6. december 2021 
  9. «Gambia elections: Adama Barrow declared presidential election winner», BBC News (på engelsk), 5. desember 2021, henta 5. desember 2021