Adamsbreen i Victoria Land
Adamsbreen er ein liten isbre like sør for Miersbreen i Victoria Land. Toppen av Adams- og Miersbreane, som begge ligg i Miers Valley er skild av ein låg rygg og austenden av denne ryggen er nesten heilt omgjeve av snutane til dei to isbreane, som nesten møter kvarandre i botnen av dalen, kring 1,5 km oppom Lake Miers, der dei munnar ut. Han vart namngjeven av den nordlege landmålingsgruppa frå New Zealand under Commonwealth Trans-Antarctic Expedition (1956–58) etter løytnant (seinare sir) Jameson Adams, nestkommanderande for gruppa på land under den britiske antarktiskekspedisjonen (1907–09), og ein av mennenen som var med Ernest Shackleton til nærleiken av Sørpolen.
Adamsbreen | |||
isbre | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Victoria Land | ||
- koordinatar | 78°7′S 163°38′E / 78.117°S 163.633°E | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Adamsbreen 78°07′00″S 163°37′59″E / 78.1167°S 163.633°E | |||
Wikimedia Commons: Adams Glacier (Victoria Land) |
Kjelder
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Adams Glacier» (innhald frå Geographic Names Information System).