Adele Bloch-Bauer I

måleri av Gustav Klimt

Adele Bloch-Bauer I, òg kjend som «Goldene Adele» ('Gylne Adele'), er eit måleri laga av Gustav Klimt (1862-1918) mellom 1903 og 1907. Biletet er eit portrett av Adele Bloch-Bauer, bestilt av ektemannen hennar Ferdinand Bloch-Bauer, som var ein jødisk bankier og sukkerprodusent. Biletet vert rekna for å vere eit av dei viktigaste verka til Klimt og eit hovudverk innan den austerrikske jugendstilen (Wiener Secession) og vert ofte sett som eit ikon for den austerrikske kulturelle identiteten.

Adele Bloch-Bauer I
138 x 138 cm, Olje, sylv og gull på lerret (1907).

I 1941 blei måleriet stole av nazistane og seinare utstilt ved Österreichische Galerie Belvedere. I 2006, etter åtte års arbeid på vegner av Bloch-Bauer-arvingane, blei det stolne måleriet gjeve tilbake til familien. I juni 2006 vart biletet seld for 135 millionar amerikanske dollar, den høgaste prisen nokon hadde betalt for eit måleri til då (rekorden vart slått i november same året). Måleriet vart kjøpt av den amerikanske forretningsmannen og museumsdirektøren Ronald Lauder til Neue Galerie på Manhattan i New York.

Motiv endre

Måleriet viser Adele Bloch-Bauer (1881–1925) i 26-årsalderen. Ho var dottera til generaldirektør Moritz Bauer i Wiener Bankverein. I 1899 gifta Adele Bauer seg med Ferdinand Bloch (1864–1945). Systra hennar, Marie Therese Bauer, var allereie gift med bror hans, Gustav Bloch. Begge familiane tok namnet Bloch-Bauer.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre