Administrasjonssenter

(Omdirigert frå Administrasjonsstad)

Administrasjonssenter er ein stad der ein finn tenesteyting, avgjerdstaking og administrasjon for eit område, som ein kommune, provins eller region. Ofte er det snakk om ein geografisk stad, til dømes eit kommunesenter, men omgrepet kan også brukast om eit organisasjonsledd som har ein eller fleire av desse funksjonane.

NoregEndra

I Noreg reknar Statistisk sentralbyrå administrasjonssenteret i ein kommune som grunnkrinsen rådhuset ligg i.[1]

SverigeEndra

I Sverige kallar ein administrasjonssenteret i ein kommune centralort og den i eit len residensstad. Som oftast har administrasjonssenteret i ein kommune same namn som kommunen. I storbyområda kan fleire centralorter inngå i det som må reknast for å vere same tettstaden. Til dømes ligg det elleve kommunar i tettstaden Stockholm, og ti av desse har sine respektive centralorter innanfor tettstadsområdet.

KjelderEndra

  1. «Bosetningskriteriene i inntektssystemet til kommunene» (PDF). Statistisk sentralbyrå. 2003. Henta 11. juli 2018.