Opna hovudmenyen

Adolf Eichmann (fødd 19. mars 1906 i Solingen i Nordrhein-Westfalen i Tyskland, død 1. juni 1962 Ramla nær Tel Aviv i Israel) var ein Obersturmbannführer i SS i det nasjonalsosialistiske Tyskland og ein av dei hovudansvarlige for logistikken under Holocaust. Han organiserte identifisering og transporten av dei som skulle sendast til konsentrasjonsleirane, og blei ofte kalt det tredje rikes «sjefsbøddel».

Adolf Eichmann
Adolf Eichmann at Trial1961.jpg
Fødd 19. mars 1906
Solingen
Død

31. mai 1962
Ramla

Yrke politikar, offiser
Adolf Eichmann på Commons

Eichmann rømte etter andre verdskrigen til Argentina og var der til han i 1960 blei funnen og bortført av israelske agentar. Han blei avretta som krigsforbrytar i 1962. Han har sidan ofte blitt karakterisert som ein «pliktoppfyllende folkemorder» og vore eksempel i diskusjonar om vondskap, lydigheit, samvit, moral og allmenmenneskeleg psykologi.