Solingen
Solingen er ein by i Tyskland i delstaten Nordrhein-Westfalen med om lag 165 000 innbyggjarar. Byen ligg i nord i området Bergisches Land, sør for Ruhr-området.
Solingen | |||
by | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Stat | Nordrhein-Westfalen | ||
Region | Düsseldorf | ||
Høgd | 53–276 m | ||
Areal | 89,54 km² | ||
Folketal | 161 545 (31. desember 2023) | ||
Grunnlagd | 1862 | ||
Postnummer | 42601–42719 | ||
Retningsnummer | 0212 | ||
Bilnummer | SG | ||
![]() Solingen 51°10′19″N 7°05′05″E / 51.171944444444°N 7.0847222222222°E | |||
Wikimedia Commons: Solingen |
Solingen er kjend for lange tradisjonar med å lage fine sverd, knivar, sakser og andre knivreiskap med selskap som Wüsthof, Zwilling (J.A. Henckels), Boker og fleire andre.
Seint på 1600-talet gjorde ei gruppe sverdsmedar frå Sollingen edsbrot då dei tok med seg sverdmakarløyndomen til Shotley Bridge i County Durham i England, som var ein ideell stad med store jernressursar ved elva Derwent. 90 % av tyske knivar vert produsert i Solingen.

Historie
endreSolingen vart først nemnd i 1067 som Solonchon. Han var ein liten landsby i fleire hundreår, men vart ein festningsby på 1400-talet. Under den andre verdskrigen vart gamlebyen totalt øydelagd under bombetok i 1944 og 1 040 menneske omkom. I dag er det derfor få attraksjonar igjen i sentrum, sidan lite av gamlebyen vart bygd opp att.
I 1929 vart Ohligs, som låg i den prøyssiske provinsen Rhein, 27 km nord for Köln, ein del av Solingen. Den største industrien i byen var kniv- og våpenproduksjon, og her var jernstøyperi og møller. Andre industriar var brygging, farging, veving og produksjon av mursteinar. Før 1891 var byen kjend som Merscheid.
I nyare tid byen vart kjend på grunn av ein brann i 1993 der to vaksne kvinner og tre jenter i eit tyrkisk hus døydde i ein påsett brann. Sju andre personar vart skada. Ein meiner det var nynazistar som starta brannen.[1]Hendinga vart enno meir kontroversiell då den tyske kanslaren Helmut Kohl nekta å delta i gravferda.
Kjelder
endre- ↑ In German City, an Old Crime Hovers Over E.U. Expansion - Artikkel på washingtonpost.com
- Denne artikkelen bygger på «Solingen» frå Wikipedia på engelsk, den 18. juni 2007.