Adolphe Adam
Adolphe Charles Adam (24. juli 1803–3. mai 1856) var ein fransk komponist og musikkritikar. Han var ein produktiv komponist av operaer og ballettar, og er kanskje mest kjend i dag for ballettane Giselle (1844) og Le Corsaire (1856, det siste verket hans), operaen Le postillon de Lonjumeau (1836), og julesongen «Minuit, chrétiens!» («O helga natt») (1847).
Adolphe Adam | |||
| |||
Fødd | 24. juli 1801 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Paris i Frankrike | ||
Død | 3. mai 1856 (54 år) | ||
Dødsstad | Paris | ||
Fødenamn | Adolphe-Charles Adam | ||
Opphav | Frankrike | ||
Periode | Romantikken | ||
Sjanger | Ballett, opera, vokalmusikk | ||
Verka som | Komponist | ||
Far | Louis Adam | ||
Gift med | Chérie-Louise Couraud | ||
Prisar | Prix de Rome, offiser av Æreslegionen |
Biografi
endreAdam vart fødd i Paris, som son til Louis (1758-1848), som var fødd under namnet Johann Ludwig Adam i Muttersholtz i Alsace, òg komponist og professor ved konservatoriet i Paris. Mora hans var dottera til ein fysikar. Som barn føretrekte Adolphe Adam og improvisere musikk på eigahand heller enn å studere musikk seriøst. Han vart innskriven i konservatoriet i Paris i 1821, der han studerte orgel og harmonium under den kjende operakomponisten François-Adrien Boïeldieu. Adam spelte òg triangel i orkesteret i konservatoriet; likevel vann han ikkje Grand Prix de Rome og faren hans oppmuntra han ikkje å satse på ein musikkariere.
Då han var 20, skreiv han songar for vaudevillar i Paris og spelte i orkestret ved Gymnasie Dramatique, der han seinare vart kormeister. Som mange andre franske komponistar, tente han til opphald ved å spele orgel. I 1825 hjelpte han Boïeldieu å førebu rollar for La dame blanche og laga ein pianoversjon av stykket. Han var i stand til å reise gjennom Europa med pengane han hadde, og møtte Eugène Scribe, som han seinare samarbeidde med i Geneve. Innan 1830, hadde han fullført 28 verk for teater.
Adam er moglegvis mest kjend for balletten Giselle (1841). Han skreiv fleire andre ballettar og 39 operaer, som Le postillon dei Lonjumeau (1836) og Si j'étais roi (1852).
Etter å ha hatt ei usemje med instruktøren i operaen, investerte Adam pengane sine og lånte mykje for å opne eit tredje operahus i Paris: Théâtre National. Operahuset opna i 1847, men stengte på grunn av 1848-revolusjonen, og Adam fekk stor gjeld. Hans freista på å redde seg ut frå denne gjelda ved å arbeide som journalist. Frå 1849 til han døydde i Paris, underviste han i komposisjon i konservatoriet i Paris.
Julesongen hans «Cantique de Noël», ofte kjend under tittelen «O helga natt», har vorte ein internasjonal favoritt, og kan ha vore den første musikkringkastinga på radio.
Adolphe Adam er gravlagd i Cimetière de Montmartre (gravlunden i Montmartre).
Hovudverk
endre- Balletter :
- La chatte blanche (1830)
- Faust (1833)
- La fille du Danube (1836)
- Les Mohicans (1837)
- L'écumeur des mers (1840)
- Les Hamadryades (1840)
- Giselle ou Les willis (1841)
- La jolie fille de Gand (1842)
- Le Diable à Quatre (1843)
- La fille de marbre (1845)
- Griseldis ou Les cinq sens (1848)
- Le filleule des fées (1849)
- Orfa (1852)
- Le Corsaire (1856)
- Operaer :
- Le mal du pays ou La bâtelière de Brientz (1827)
- Le jeune propriétaire et le vieux fermier (1829)
- Pierre et Catherine (1829)
- Danilowa (1830)
- Les trois Catherine (1830)
- Trois jours en une heure (1830)
- Joséphine ou Le retour de Wagram (1830)
- Le morceau d'ensemble (1831)
- Le grand prix ou Le voyage à frais communs (1831)
- Casimir ou Le premier tête-à-tête (1831)
- His First Campaign (1832)
- The Dark Diamond (1832)
- Le proscrit ou Le tribunal (1833)
- Une bonne fortune (1834)
- Le chalet (1834)
- La marquise (1835)
- Micheline ou L'Heure de l'esprit (1835)
- Le postillon de Lonjumeau (1836)
- Le fidèle berger (1838)
- Le brasseur de Preston (1838)
- Régine ou Les deux nuits (1839)
- La reine d'un jour (1839)
- La rose de Péronne (1840)
- La main de fer ou Un mariage secret (1841)
- Le roi d'Yvetôt (1842)
- Lambert Simnel (1843)
- Cagliostro (1844)
- Richard en Palestine (1844)
- La bouquetière (1847)
- Les premiers pas ou Les deux génies ou Les mémoires de la blanchisseuse (1847)
- Le toréador ou L'accord parfait (1849)
- Le fanal (1849)
- Giralda ou La nouvelle psyché (1850)
- Le farfadet (1852)
- La poupée de Nuremberg (1852)
- Si j'étais roi (1852)
- Le sourd ou L'auberge pleine (1853)
- Le roi des halles (1853)
- Le bijou perdu (1853)
- Le muletier de Tolède (1854)
- À Clichy, épisode de la vie d'un artiste (1854)
- Mam'zelle Geneviève (1856)
- Falstaff (1856)
- Les pantins de Violette (1856)