Alsace
Våpenskjold til Alsace
Fakta
Hovudstad Strasbourg
Regionspresident Philippe Richert
Flatevidd 8 283 km²
Folketal 1 817 000 (2006)
Rangering 14
Folketettleik 217 innb./km²
Arrondissement 13
Kantonar 75
Kommunar 903
Geografi
Plassering av Alsace i Frankrike

Departement
Bas-Rhin   Haut-Rhin

Alsace (tysk Elsass) er ein tidlegare fransk region som låg aust i Frankrike, med grenser til Sveits og Tyskland. Medan området var del av Det tysk-romerske riket vart det innlemma i Frankrike1600-talet. Som Lorraine har han skift hand mellom Frankrike og Tyskland fleire gonger. Tysk språk og kultur står framleis sterkt i regionen. Rhinen er grenseelv, og den største byen er Strasbourg. Regionen er delt i departementa Bas-Rhin og Haut-Rhin.

Med eit areal på 8 283 km² var regionen den minste i den europeiske delen av Frankrike, og låg mellom Rhinen i aust og fjella Vogesane i vest. I tillegg til Tyskland og Sveits grensa regionen til Franche-Comté i sør og Lorraine i vest.

Regionen hadde mykje skog, hovudsakleg i Vogesane og i Bas-Rhin. Det høgaste punktet i regionen var Ballon de Guebwiller i Haut-Rhin med ei høgd på 1 426 m. Alsace har eit delvis kontinentalklima med kalde og turre vintrar, og varme somrar. Regionen fekk lite nedbør sidan han låg i regnskuggen til Vogesane, og på grunn av den same fjellkjeda har byen Colmar eit solrikt mikroklima og er den nest turraste byen i Frankrike med ein årsnedbør på berre 550 mm. Dette gjer området ideelt for vinen som vert dyrka her.

Byar endre