Adrano
kommune i Italia
Adrano er ein by og ein kommune i provinsen Catania i regionen Sicilia i Italia. Kommunen har vel 35 000 ibuarar og dekker eit areal på 82,5 km². Byen Adrano ligg 560 meter over havet, 41 km nordvest for provinshovudstaden Catania.
Adrano ligg nær ved foten av Etna, ved åmotet mellom elvane Simeto og Salso. Byen er handelssenter i eit område der det vert dyrka oliven og sitrusfrukt.
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Adrano» frå Wikipedia på engelsk, den 20. august 2014.