Provinsen Catania
Provinsen Catania[a] er ein provins i regionen Sicilia i Italia. Hovudstaden er byen Catania. Han har eit areal på 3 552 km² og totalt 1 073 881 innbyggjarar i 2005.
Catania | |||
provins | |||
Land | Italia | ||
---|---|---|---|
Region | Sicilia | ||
Hovudstad | Catania | ||
Postnummer | 95100, 95010–95049 | ||
Retningsnummer | 095, 0942, 0933 | ||
Bilnummer | CT | ||
Provinsen Catania 37°31′00″N 15°04′00″E / 37.516666666667°N 15.066666666667°E | |||
Kart som viser Provinsen Catania.
| |||
Wikimedia Commons: Metropolitan city of Catania |
Provinsen grensar til Det joniske havet i aust, provinsen Messina i nord, provinsen Enna og provinsen Caltanissetta i vest og provinsen Siracusa og provinsen Ragusa i sør.
Det er 58 kommunar i provinsen og dei største av desse er:
Kommune | Innbyggjarar |
---|---|
Catania | 305 717 |
Acireale | 52 394 |
Paternò | 49 006 |
Misterbianco | 46 251 |
Caltagirone | 39 299 |
Adrano | 35 779 |
Gravina di Catania | 28 018 |
Aci Catena | 27 992 |
Giarre | 26 821 |
Mascalucia | 26 284 |
Biancavilla | 23 308 |
Belpasso | 22 032 |
Tremestieri Etneo | 21 362 |
San Giovanni la Punta | 20 526 |
Bronte på Sicilia | 19 147 |
Aci Castello | 18 084 |
Scordia | 17 168 |
Aci Sant'Antonio | 16 796 |
Palagonia | 16 393 |
Endringar
endreDet har vorte diskutert i mange år om ein skal dele provinsen Catania opp i tre separate provinsar, der den sørlege delen vert provinsen Caltagiorne, området nordaust for Etna vert provinsen Acireale-Giarre-Taormina. Den nye provinsne vil innehalde alle kommunane sør for elva Simeto i tillegg til kommunane Ragusa og Caltanisetta. Det var ei folkeavstemming i 1990-åra for å avgjere dette, men fleirtalet stemde nei, og ingenting har vorte gjort etter den tid.
Merknader
endre- ↑ italiensk Provincia di Catania; siciliansk Pruvincia di Catania
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Province of Catania» frå Wikipedia på engelsk, den 15. desember 2007.