Adriaen van der Werff
Adriaen van der Werff (21. januar 1659–11. november 1722) var ein nederlandsk barokkmålar.
Adriaen van der Werff | |
![]() | |
Statsborgarskap | Nederland |
Fødd | 21. januar 1659 Rotterdam |
Død |
12. november 1722 (63 år) |
Yrke | kunstmålar, arkitekt, bilethoggar, kobberstikker |
Sjanger | portrett |
Adriaen van der Werff på Commons |
Van der Werff levde og døydde i Rotterdam, men verka òg i Düsseldorf. Han måla særleg religiøse og mytologiske motiv, i tillegg til portrett. Han var ein av dei mest vidkjende nederlandske målarane på si tid, og tente store pengar på kunsten sin. Fram til 1800-talet var han rekna som ein av dei største kunstnarane i landet, men i dag er han sett på som ein dyktig, men noko sentimental og gjentakande mindre viktig målar.
I tillegg til måling var han òg arkitekt, og utforma fleire elegante hus i Rotterdam.
Kjelder Endra
- Denne artikkelen bygger på «Adriaen van der Werff» frå Wikipedia på tysk, den 13. mars 2006.