Adrien-Marie Legendre
Adrien-Marie Legendre (18. september 1752–10. januar 1833) var ein fransk astronom og matematikar. Han leverte viktige bidrag til statistikk, talteori, abstrakt algebra og matematisk analyse.
Han var først professor ved École militaire frå 1775 til 1780, og vart i 1783 medlem av Det franske vitskapsakademiet og var medlem av fleire offentlege kommisjonar. Han var òg etterfølgjaren til Lagrange i Bureau des longitudes. Legendre skreiv mange avhandlingar om forma og tiltrekkinga til himmellekamar. I 1805 skreiv han ei avhandling om å rekne ut kometbanar og nytta for første gong minste kvadrats metode, som han oppdaga sjølvstendig av Carl Friedrich Gauss.
I 1787 var Legendre saman med Domenico Cassini og Pierre Méchain leiar for ei gradmåling for å bestemme den gjensidige plasseringa av observatoria i Paris og London.
Om funksjonar skreiv han Exercices de calcul intégral etc. i 1807 og i 1827 Traité des fonctions elliptiques (3 bind). Det siste bindet vart skrive som eit tillegg for å framstille resultat til Niels Henrik Abel og Carl Gustav Jacob Jacobi. Essai sur les nombres frå 1798 vart seinare utvida til den viktige læreboka Théorie des nombres.
Bakgrunnsstoff
endre- O'Connor, John J., and Edmund F. Robertson. «Adrien-Marie Legendre». MacTutor History of Mathematics archive
Kjelder
endre«Adrien_Marie_Legendre» i Store norske leksikon, snl.no.