Aeroflot Open er ei årleg open sjakkturnering spelt i Moskva, sponsa av flyselskapet Aeroflot. Turneringa vart første gong arrangert i 2002 og vart raskt den sterkaste opne turneringa i verda. Den første turneringa hadde deltaking av om lag 80 stormeistrar, medan den andre hadde 150 stormeistrar med. Turneringa vert spela etter sveitsersystemet. Vinnaren har blitt invitert til toppturneringa Dortmund Sparkassen chess meeting halde seinare same året, ein tradisjon oppretta i 2003. Dei siste åra har det også blitt arrangert B- og C-turneringar. I A-gruppa har ratingkravet for å få vere med vore 2550.

Vinnarar

endre

Namnet på vinnarane er med utheva skrift, der fleire spelarar har hatt same poengsum. I 2007, 2008 og 2010 var her klare vinnarar.


Nummer År Vinnarar Poeng
1 2002 Gregory Kaidanov  
Aleksandr Grischuk  
Aleksej Aleksandrov  
Alexander Shabalov  
Vadim Milov  
6,5 / 9
2 2003 Viktor Bologan  
Aleksej Aleksandrov  
Alexei Fedorov  
Peter Svidler  
7 / 9
3 2004 Sergej Rublevskij  
Rafael Vaganjan  
Valerij Filippov  
7 / 9
4 2005 Emil Sutovsky  
Andrej Kharlov  
Vassilij Ivanchuk  
Alexander Motylev  
Vladimir Akopian  
6,5 / 9
5 2006 Baadur Jobava  
Viktor Bologan  
Krishnan Sasikiran  
Shakhriyar Mamedyarov  
6,5 / 9
6 2007 Jevgenij Aleksejev   7 / 9
7 2008 Ian Nepomniachtchi   7 / 9
8 2009 Étienne Bacrot  
Alexander Moiseenko  
6,5 / 9
9 2010 Lê Quang Liêm   Vietnam 7 / 9
10 2011 Lê Quang Liêm   Vietnam
Nikita Vitiugov  
Evgenij Tomaschevskij[1]  
6,5 / 9

Kjelder

endre

Fotnotar

endre