Afif
Afif (arabisk عفيف ʿAfīf) er ein by sentralt i Saudi-Arabia i regionen Najd. Han ligg omtrent halvvegs mellom Riyadh og Mekka. Den moderne byen vart grunnlagd i 1910-åra som ein hijra, eller «busetnad», for nomadiske stammer i området, særleg 'Utaybah-stamma. Han har sidan voks seg til ein liten by med 39 581 innbyggjarar i folketeljinga 2004,[1] utanom dei kringliggande byane og landsbyane, som i lag med 'Afif dannar 'Afif guvernement.
Afif | |||
عفيف | |||
by | |||
Land | Saudi-Arabia | ||
---|---|---|---|
Region | Najd | ||
Koordinatar | 23°54′36″N 42°55′13″E / 23.91000°N 42.92028°E | ||
Folketal | 39 581 (2004) | ||
Tidssone | EAT (UTC+3) | ||
• Sommartid | EAT (UTC+3) | ||
Afif 23°54′36″N 42°55′13″E / 23.91°N 42.920277777778°E | |||
Kart som viser Afif.
|
Byen tente ein gong som inngangsport mellom sentrale og vestlege område av Saudi-Arabia. Byen er òg kjend som landingsstaden for det første flyet kong Abdulaziz av Saudi-Arabia, den første kongen av Saudi-Arabia, eigde. Ein stor del av hæren til kong Abdulaziz kom frå Afif, mellom anna folk som grunnla byen 'Utaybah.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Afif» frå Wikipedia på engelsk, den 26. mai 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Saudi-Arabia: largest cities and towns and statistics of their population». World Gazetteer. Arkivert frå originalen 8. desember 2011. Henta 21. mai 2016.