Afyonkarahisar

(Omdirigert frå Afyon)

Afyonkarahisar eller berre Afyon er ein by vest i Tyrkia og administrasjonssenter i provinsen Afyonkarahisar. Afyon ligg i fjella innanfor kysten av Egearhavet, 250 km sørvest for Ankara langs elva Akarçay, 1021 meter over havet. Byen har kring 175 000 innbyggjarar.

Afyonkarahisar
by
Land  Tyrkia
Region Egearregionen
Provins Afyonkarahisar
Høgd 1 021 moh.
Koordinatar 38°45.48′N 30°32.32′E / 38.75800°N 30.53867°E / 38.75800; 30.53867
Folketal 173 100
Tidssone EET (UTC+2)
 •  Sommartid EEST (UTC+3)
Postnummer 03xxx
Retningsnummer borgarmeister = Burhanettin Çoban
Bilnummer 03
Kart
Afyonkarahisar
38°45′29″N 30°32′19″E / 38.758055555556°N 30.538611111111°E / 38.758055555556; 30.538611111111
Kart som viser Afyonkarahisar.
Kart som viser Afyonkarahisar.
Kart som viser Afyonkarahisar.
Wikimedia Commons: Afyonkarahisar
Nettstad: www.afyon-bld.gov.tr

Byen er eit stort jernbaneknutepunkt mellom Izmir og Ankara.

I antikken heitte byen Acroënus, eit namn han hadde til 740. Etter at austromarane vann den arabiske kringsetjinga av byen, vart han omdøypt til Nikopolis, «sigersstad». Seldsjukkane kalla han Kara Hissar, «den svarte borga». Det noverande namnet kjem av tillegg afyon, opium; byen har historisk sett vore eit viktig sentrum for opiumshandel.

Den tiande presidenten i Tyrkia, Ahmet Necdet Sezer, kom frå Afyon.

Klima

endre

Afyonkarahisar har eit kontinentalklima (Köppen si klimaklassifisering Dsa) og halvtørt klima (Köppen si klimaklassifisering BSk), med kalde og snørike vintrar og varme og tørre somrar. Det er mest vanleg med regn om våren og hausten.

Vêrdata for Afyonkarahisar
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Høgast målte °C 18 21 25,8 30,2 32 35,8 39,8 38,4 35,6 30,6 24,4 21 39,8
Gjennomsnittleg maks °C 4,5 6,2 11,2 16,2 21,2 25,7 29,3 29,4 25,2 19 12,2 6,2 17,2
Gjennomsnittleg min °C −3,2 −2,4 0,4 4,6 8,4 11,8 14,4 14,3 10,4 6,4 1,8 −1,2 5,5
Lågast målte °C −22 −19,4 −17 −7,6 −3,1 3,9 5,6 6 1,2 −5,3 −13,2 −18 −22
Gjennomsnittleg nedbør mm 39,2 36,7 41,4 48,4 43,9 32,5 19,8 14,4 19,1 39,9 35,2 45,3 415,8
Gns. dagar med regn 7 7 7 8 8 5 3 2 3 5 5 7 67
Gns. solskinstimar i månaden 89,9 112 161,2 186 254,2 297 347,2 328,6 261 195,3 141 83,7 2 457,1
Kjelde: Devlet Meteoroloji İşleri Genel Müdürlüğü[1]Hong Kong Observatory[2]


Kjelder

endre