Agnano
Agnano (italiensk Lago Di Agnano) var ein sirkelforma innsjø som ligg 7 km vest for Napoli i Italia. Han vart truleg først danna i mellomalderen, sidan han ikkje er nemnd av forfattarar frå antikken. Agnano vart tømd for vatn i 1870. Innsjøen låg i krateret til ein utdøydd vulkan med ein omkrins på 6 km. På sørsida ligg Stufe di San Germano med naturlege svovelbad og like ved ligg Grotta del Cane.
Agnano | |||
innsjø | |||
Land | Italia | ||
---|---|---|---|
Del av | Agnano | ||
Agnano 40°49′47″N 14°10′14″E / 40.82974°N 14.17045°E | |||
Wikimedia Commons: Lake Agnano |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Lake Agnano» frå Wikipedia på engelsk, den 6. november 2007.