Napoli

kommune i Italia

Napoli (napolitansk Nàpule, òg kalla Naples på fleire språk) er den største byen sør i Italia. Han er hovudstad i provinsen Napoli og i regionen Campania og har om lag 975 000 innbyggjarar. I antikken vart byen kalla Neapolis, som tyder «den nye byen». Storbyområdet til Napoli er det nest største i Italia og eit av dei største i Europa. Napoli ligg midt mellom vulkanen Vesuv og vulkanområdet Campi Flegrei, som begge er ein del av den campanianske vulkanbogen.

Napoli
Merghellinahamna i Napoli, Vesuv i det fjerne.
Merghellinahamna i Napoli, Vesuv i det fjerne.
Merghellinahamna i Napoli, Vesuv i det fjerne.
Flagget til Napoli Byvåpenet til Napoli
Flagget til Napoli Byvåpenet til Napoli


Plassering
Napoli is located in Italia
Styresmakter
Land
Region
Provins
Italia Italia
Campania
Napoli
Grunnlagd 600-talet fvt.
Geografi
Flatevidd
 - By

117 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik
 - Storbyområde

975 139
  8334,5/km²
3 082 756
Koordinatar 40°50′″N 14°15′″EKoordinatar: 40°50′″N 14°15′″E
Diverse annan informasjon
Postnummer 80100
Telefon-retningsnummer 081
Nettstad: www.comune.napoli.it

Sjølve byen har nesten ein million innbyggjarar, som vert kalla napolitanarar (italiensk napoletani). Byen har ei rik historie og rike tradisjonar innan kunst, kultur og mat, og i følgje tradisjonen var det i Napoli at den italienske matretten pizza oppstod. I Napoli ligg San Carlo, det eldste operahuset i verda som framleis er i drift. Det vart opna 4. november 1737. Det historiske sentrumet av byen er ein del av UNESCO si verdsarvliste. Den napolitanske språket er eit av dei geografiske mest spreidde språka i Italia og ein har variantar av napolitanske dialektar ('o napulitano) dei fleste stader i Sør-Italia.

Mellom 1266 og 1861 var Napoli hovudstad i Kongedømet Napoli (seinare Begge Siciliar). På grunn av dette vert Napoli uoffsielt rekna som hovudstad i Sør-Italia (Il Mezzogiorno).

Historie endre

Napoli vart grunnlagd mellom 600- og 500-talet fvt. av grekarar (eigentleg innbyggjarar i den greske kolonien Cuma) og fekk namnet Neapolis, som tyder «ny by» på gresk. Under romarane heldt byen på det greske språket og dei greske skikkane. Etter romartida vart byen styrt av fleire folkegrupper (gotarar, austromarar, langobardar, normannarar, schwabarar, angevinar, aragonesarar, spanjol, austerikarar, bourbonarar og franskmenn). I dag kan ein sjå spor etter alle dei forskjellige herskarane i monumenta, i kulturen og i skikkane til byen. I 1266 flytta angevinarane hovudstaden i Kongedømet Sicilia frå Palermo til Napoli. Sicilia braut snart ut og danna det sjølvstendige Kongedømet Sicilia. Etter Wienerkongressen (1814-1815) etter Napoleonskrigane vart Napoli hovudstad i det samle Begge Siciliar. Etter ein lang periode med nedgang etter danninga av Italia i 1860-åra har byen igjen vorte eit kultursenter.

Musikk i Napoli endre

Napoli har spelt ei viktig rolle i mange hundreår for musikken ikkje berre i Italia, men generelt for heile den vesteuropeiske musikktradisjonen. Dette strekkjer seg tilbake til dei tidlege musikkonservatoria på 1500-talet gjennom musikken til Alessandro Scarlatti i barokken og operettane til Pergolesi, Piccini og etter kvart Rossini og Mozart. Songar som «'O Sole Mio» og «Funiculì Funiculà» frå seint på 1800-talet er verdskjende songar som svært mange kjenner til.

Mat og drikke endre

Napolitansk mattradisjonar nyttar lokale ingrediensar som er lett å få tak i. Av typiske matrettar og produkt frå Napoli finn ein pizza, mozzarella, spaghetti, sfogliatelle, casatiello, tortano, struffoli, pastiera, babà og mange andre. Av napolitansk vin og brennevin finn ein Lacryma Christi, raud og kvit Vesuvio-vin og limoncello.

Napoli vert tradisjonelt rekna som heimstaden til pizza. Dei to klassiske napolitanske pizzaene er «pizza marinara» med tomat, kvitlauk, oregano, fersk olivenolje og vanlegvis basilikum og «pizza Margherita» med tomat, basilikum og mozarella. Margherita er kalla opp etter Dronning Margherita som fekk servert retten då ho vitja byen i 1889. La vera pizza («ekte pizza») vert bakt i ein vedfyrt steinomn. Det finst eit sertifiseringsorgan som reiser rundt til pizzastader i verda for å godkjenne at dei lagar ekte napolitansk pizza.

Pizzelle fritte eller montanare er ein variant av pizza der ein lagar små, steikte bitar av pizzadeig med tomatsaus og parmesanost oppå. Pasticcio di Carnevale er pasta som er bakt i omn med tomatsaus, ricotta og mozzarellaost, små kjøtbollar, og stundom pølse og kokt egg.

For påsken er casatiello ein spesialitet i Napoli. Det er ei rund, salt kake med salami inni og heile egg på toppen. Aubergine vert mykje nytta i napolitansk matlaging, og vert anten stekt, grilla og ete som ein grønsak ved sida av hovudretten. Parmigiana di melanzane er eit bakverk med lag av stekte auberginer (ofte dekt med egg og mjøl) og som oftast med mozarella, tomatsaus og parmesan. Ein annan karakteristisk grønsak i napolitansk matlaging er friarielli, ein slags liten brokkoli, steikt i lag med olivenolje, kvitlauk, salt og chili.

Napoli har òg fleire unike kaker og den mest kjende av dei er truleg babà, choux (skrive sciù i Napoli) og Pastiera. Andre typiske bakverk er Sfogliatella (riccia eller frolla). Napoli er òg kjend for iskremen sin.

Klima endre

Napoli har eit typisk middelhavsklima med milde og våte vintrar og varme til steikande, tørre somrar. Det milde klimaet og den frodige og vakre Napolibukta har gjort staden til ein ynda feriestad sidan dei romerske keisarane ferierte her.

Månad Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Normal maks. temp. °C 12 12 15 17 22 26 29 29 26 21 16 13 20
Normal min. temp. °C 4 5 6 8 12 16 18 18 16 12 8 5 11
Nedbør mm 90 80 70 70 50 30 20 30 70 130 120 110 940
Kjelde: Weatherbase

Kjende napolitanarar endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Napoli
  Reiseguide for Naples frå Wikivoyage
 
Napoli