Agne var ein konge av Ynglingeætta, son eller far av Alrek (eller son av Dag Dygveson). Forteljinga om han finst mellom anna i Ynglingesoga.

Snorre Sturlason fortel at Agne fann seg kone i Finland, etter å ha drepe far hennar, Froste. Kona heitte Skjålv, og bror hennar heitte Loge. På veg heim la han til ved Stokksund, ikkje langt frå innseglinga til Stockholm. Han hadde ein halsring av gull, som før hadde vore ått av Visbur. Her gifta Agne seg med Skjålv, og budde til eit stort gilde. Då han var drukken, bad Skjålv at han skulle akte på halsringen sin, og han feste ringen om halsen før han gjekk til sengs. Då han hadde sovna, tok Skjålv eit snøre og feste i halsringen, og slengde snøret over ei grein. Så heiste mennene hennar Agne opp i treet etter ringen, og dette vart banen hans. Etter dette vart staden kalla Agnafit, av di Agne vart bålført på staden.

Tjodolv frå Kvine seier i Ynglingatal:

Underlegt er det
um Agne-heren
svik-fulle
Skjålv skulle lika,
då syster hans Loge
upp i lufti drog
kongen gode
mer gullhalsbande,
han som ved Taur
temja skulde
hesten svale
som Hagbard reid.

Historia Norvegiæ fortel berre at kona til Agne "drap han med båe hender" på Agnafit.

Kommentar endre

Forteljinga om Agne tykkjest vera mytologisk, og måten Agne døyr på minner i mangt om menneskeofring, slik dette vart utført i Uppsala etter skildringa hjå Adam av Bremen. Her kan ein og tenkje på at namnet Agne minner om grøde-offeret som er knytt til vanekulten og Frøydyrkinga i desse områda. Namnet Skjålv (Skjolv), er og eit av namna til Frøya. Skilvingane, som er eit anna namn på kongane av Ynglingeætta, tyder "ætlingar av Skjolv".

Froste og Loge er namn som finst i Fundinn Noregs. Her er Froste son av Fornjot, og Loge er bror til Kåre og Ler. Namna er tydeleg mytiske, og knytt til vinteren, som "bur" i Finland. Dette "Finland" eller "Finnland" er tydeleg ikkje det geografiske Finland, men eit mytisk land der vinteren rår. Det kan samanliknast med Finnmark, og "finnane" i forteljinga er mytiske skapnader. Bak forteljinga om Agne kan ein soleis spore ein kamp mellom sommar og vinter, noko som fell naturleg inn i ein grødekultus.

Halsringen som er skildra i forteljinga gjev minningar om ein keltisk torques, ein ring dei keltiske hovdingane ofte gjekk med. Slike ringar er funne mange stader i søre Skandinavia i funn frå tidleg jernalder.