Agnes Håkonsdotter
Agnes Håkonsdotter (1290–1319) var ei norsk kongsdotter. Ho var fødd utanfor ekteskap til Gro Sigurdsdotter og Håkon V av Noreg.
I 1302 gifta ho seg lendmannen Havtore Jonsson til Sudrheim (Sørum) og Borregård (1275-1320). Dei fekk to søner, Jon og Sigurd, ofte omtalt som Havtoresønene.
Havtore Jonsson var sysselmann på Romerike og åtte fleire gods og landområde i heile Noreg, mellom anna Borregård og halve Sarpefossen.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Agnes Håkonsdatter» frå Wikipedia på bokmål, og «Agnes Håkonsdotter» frå Wikipedia på svensk den 23. oktober 2011.