Agnes av Roma
Agnes (291–304) var ei italiensk jomfru og martyr, helgenkåra seinare på 300-talet. Legende-forteljingar seier Agnes leid martyrdauden etter ho avviste alle forsøk på å få henne til begå utukt.
Agnes er helgen for kyskleiken og vert vanlegvis avbilda med eit lam (grunna namnelikskap med agnus, «lam»), eit palmeblad og eit sverd. I kyrkja Sant'Agnese i Roma vert kvart år på festdagen hennar 21. januar to lam velsigna; ulla frå lamma vert nytta til å lage pallium til nye erkebiskopar.