Ein helgen eller eit heilagmenne er ein person som innan katolsk eller ortodoks kristendom vert rekna for å ha levt i særleg djup fellesskap med Gud. Helgenar finst òg innan islam og hinduismen.

Det siste påskemåltidet måla av Simon Usjakov i 1685. Alle Jesu læresveinar, Judas Iskariot unnteken, vert rekna som helgenar; derfor er dei teikna med ein glorie.

Helgenar i kristendommen endre

Dei første helgenane endre

Den kristne helgenkultens har opphav i feiringa av martyrane. Dei kristna feira tidleg dødsdagane til martyrane ved at dei heldt måltid eller nattverd ved grava deira. Då forfølgingane av dei kristne, som keisar Nero starta på 60-talet, var over først på 300-talet, bygde dei ofte kyrkjer over martyrgravene. Med tida byrja dei å dele på leivningane (relikvia) etter martyrane slik at fleire kyrkjer kunne få del i dei.

Etter at forfølgingstida tok slutt og færre leid martyrdøden, vart òg munkar, nonner, jomfruer, eremittar og asketar helgenkåra.

Helgenar innan Den romersk-katolske kyrkja endre

Den katolske kyrkja lærer at alle menneske er kalla til å vere helgenar. Menneske som heilhjarta går inn for å følgje Jesus Kristus, og med Guds nåde opnar seg for han, kan ifølgje kyrkja si lære oppleve at nåden kan verke uhindra i dei. Andre kristne kan be helgenane gå i forbøn for seg; etter katolsk syn er helgenane difor ikkje gjenstand for avgudsdyrking, men andre kan be dei gå i forbøn for seg.

Kyrkja har alltid hatt helgenar, men ordninga med å kåre helgenar har endra seg gjennom tidene. Først på 1300-talet vart det vanleg med kanoniseringar frå sentralt kyrkjeleg hald.

Det første leddet i heilagkåringsprosessen er at eit menneske vert æra som ein heilag. Sidan kan han eller ho lokalt verte saligkåra ved ein beatifikasjon. For at ein person skal bli helgenkåra, er det mellom anna eit krav at det skal vere dokumentert at det har skjedd under ved påkalling av den salige. Helgenkåringa skjer ved Paven.

Helgenar i ortodokse kyrkjer endre

Den ortodokse kyrkja har ein enklare prosess for helgenkåring. Det er ingen formell prosedyre, og heilagkåringa vert utført av ein biskop. Kulten kan spreie seg ved at nye biskopar godkjenner heilagkåringa for sitt bispedømme eller ved at patriarken godkjenner kåringa for heile kyrkja

Helgenar i protestantiske kyrkjer endre

Dei protestantiske kyrkjene er vanlegvis imot helgenkult; mange reknar det for ei form for avgudsdyrking. Spesielt innan Den anglikanske kyrkja speler helgenane likevel ei viss rolle, helst som gode førebilete. Innan denne kyrkja kan det òg finnast grupperingar som kan be ein helgen gå i forbøn for seg.

Dei viktigaste helgenane endre

Blant helgenane har Jomfru Maria ein særstilling over alle andre. Ho har fleire minnedagar, og mange kyrkjer er vigde til henne.

Ein annan viktig helgen for heile kyrkja er Sankt Peter, den første paven i kyrkja.

I Sverige er den heilage Birgitta og Ansgar dei fremste helgenane.

I Noreg har den katolske tradisjonen sju helgenar:

I tillegg kan vi rekne med Håkon V, som truleg vart rekna som heilag fram til Reformasjonen, men som aldri vart formelt heilagkåra. Skikken i Den katolske kyrkja er likevel at dersom det finst ein gammal helgenkult, kan ein person verte æra som helgen òg utan heilagkåring. Dei siste åra har han difor blitt teken med i liturgien i katolske messer i Akershus slottskyrkje, som er gravkyrkja hans.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre