Agnodice eller Agnodike er ei legendarisk kvinne omtalt som den fyrste kvinnelege legen, gynekologen og jordmora i Aten i antikken.[1][2][3]

Agnodike

Føddgammalgresk ἈγνοδίκηAgnodikē, aŋnodíkɛː
Truleg 4. hundreåret f.Kr.
Aten
DødTruleg 4. hundreåret f.Kr.
Yrkegynekolog, jordmor, lege, fødselslege

Agnodike er omtalt av den romerske forfattaren Gaius Julius Hyginus i Fabulae. Ifølgje Hyginus forkledde ho seg i mannsklede slik at ho kunne høyra på forelesingar av Herophilos som hovudsakleg var vigde til studiet av jordmorutdanning og gynekologi.[4] I Athen var det forbode for kvinner eller slavar å studera medisin. Då ho var ferdig opplært prøvde Agnodike å hjelpa kvinner under barsel, men mange av dei ville ikkje ha hjelp av ein mannleg medisinar.[5] Ved eit høve viste derfor Agnodike at ho sjølv var kvinne, og fekk så behandla kvinna. Andre legar blei sjalu på den suksessrike Agnodike, og skulda henne for å forføra pasientane sine. Då ho blei stilt for retten (Areopagos, dei eldres råd, tilsvarande det romerske senatet) løfta ho på kleda for å visa at ho var kvinne. Då blei ho skulda for å ha brote loven mot at kvinner kunne praktisera medisin, men blei støtta av konene til framståande atenarar som ho hadde behandla. Som følgje av hendinga blei loven som forbaud kvinner å praktisera medisin avskaffa.[6]

Moderne forskarar tviler gjerne på at Agnodike var ein historisk person.[7] Problem med soga er mellom anna spørsmål om datering og Hyginus sin usannsynlege påstand om at det ikkje fanst obstetrices eller kvinnelege jordmødrer i Aten før Agnodike, der litterære og epigrafiske prov viser at slike var kjende.[8][5][9] Hyginus hevda at Agnodike lærte medisin av «ein viss Herophilus», som vanlegvis blir identifisert som Herophilos av Khalkedon, ein lege som var kjend for arbeidet sitt innnan gynekologi og som blei tillagt oppdaginga av eggstokkane.[10] Om dette er tilfellet ville Agnodike ha levd seint på 300-talet eller tidleg på 200-talet f.Kr.[11]

Kjelder

endre
  1. «new pauly online». statsbiblioteket.dk. 2016. Henta 25. mai 2016. 
  2. Agnodike i Salmonsens Konversationsleksikon (2. udgave, 1915)
  3. Mayer, Katalin É (2002). «The birth of gynecology: Obstetrics in ancient Greece and Rome.» [Gynækologiens fødsel: Obstretikkens fødsel i antikkens Grækenland og Rom.] (PDF). I Whitelaw, W. A. Session 6 - Doctors and Babies. 11th Annual HISTORY OF MEDICINE DAYS (på engelsk). Calgary, Alberta: Medicinfakultetet på Calgary Universitet. s. 122–123. Arkivert (PDF) frå originalen den 8. november 2016. 
  4. Smith, William (2005), William Smith, red., A Dictionary of Greek and Roman biography and mythology. By various writers. Illustrated by numerous engravings on wood., henta 3. november 2021 
  5. 5,0 5,1 King 2013, s. 252.
  6. King 1986, s. 53–4.
  7. Retief & Cilliers 2006, s. 178.
  8. King 1986, s. 60.
  9. King, Helen (18 October 2017). «Agnodice: reading the story». Henta 11 December 2018. 
  10. King 1986, s. 54.
  11. Greenhill 1870.

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Agnodike
  Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.