Aimée Sommerfelt

norsk skribent

Aimée Sommerfelt (2. april 18927. august 1975) var ein norsk barnebokforfattar og omsetjar.[1]

Aimée Sommerfelt
Statsborgarskap Noreg
Fødd 2. april 1892
Christiania
Død

7. august 1975 (83 år)
Oslo

Yrke skribent, barnebokforfattar, hørespillserie
Sjanger hørespillserie
Far Henrik Dedichen
Ektefelle Alf Sommerfelt

Liv endre

Ho var fødd i Trondheim som dotter av Henrik Arnold Thaulow Dedichen (1863–1935) og Antoinette (Toinon) Pauline Marie Nyblin (1861–1941). Faren var ein kjend psykiater av slekta Dedichen og Thaulow. Etter oppvekst på Trosterud i Oslo og studium til omsetjar i Paris, gifta Aimée seg i 1919 med språkprofessoren Alf Sommerfelt (1892–1965).

Aimée Sommerfelt bokdebuterte i 1934 og vart kjend for ei rekkje barnebøker. I ungdomsromanen Lisbeth frå 1941 er handlinga lagt til Krigen med Sverige 1808–1809 med eit kamuflert underliggende tema omkring okkupasjon og motstand. Ung front frå 1945 vart rosat for å gje eit realistisk bilete av ungdom i krigstid. Fleire av bøkene hennes frå 1950- og 1960-talet tek for seg diskriminerings-, u-lands- og solidaritetsproblematikk. Særleg Veien til Agra frå 1959 vart populær, også utanfor Noreg. På 1970-talet var Sommerfelt den fyrste norske forfattaren som skreiv barnebok om dei nye innvandrarane. Ho skreiv òg mykje om jenter som var forskjellige og som torde å koma opp seg og fram i verda. Ikkje minst skreiv ho spennande bøker som det var lett for målgruppen å leva seg inn i.

Ho vart populær i Barnetimen. Veien til Agra vart send som høyrspel i radioen i 1959. Ein ny versjon kom i 1999, laga av Joar Hoel Larsen og døtrene hans.

Bøkane hennar er omsette til 27 språk. Sommerfelt vart premiert med Kultur- og litteraturprisen til kyrkjedepartementet for barne- og ungdomslitteratur heile seks gonger. Ho fekk òg fleire utanlandske prisar.

Bibliografi endre

(ufullstendig)

  • Stopp tyven! (1934)
  • Fire detektiver arbeider med saken (1935)
  • Trulte (1936)
  • Trulte i toppform (1938)
  • Stop tyven (1938)
  • 16 år (1939)
  • Lisbeth (1941)
  • Ung front (1945)
  • Annabeth (1948)
  • Miriam (1950)
  • Bare en jentunge? (1952)
  • Morten og Monika (1954)
  • Veien til Agra (1959)
  • Den hvite bungalowen (1962)
  • Pablo og de andre (1964). Fra Sør-Amerika.
  • Boka om Petter og Ram (1970)
  • Boka om Manuel (1971)
  • Den farlige natten (1971)
  • Boka om Tavi og Marik (1972)
  • Etterlyst (1973)
  • Reisen til ingensteder (1974)

Referansar endre

  1. Vold, Karin Beate (13. februar 2009). «Aimée Sommerfelt». Norsk biografisk leksikon. Henta 30. september 2018. 

Bakgrunnsstoff endre