Den dansk-svenske krigen 1808–1809
Den dansk-svenske krigen 1808–1809 var ein krig mellom Danmark-Noreg og Sverige som inngjekk i Napoleonskrigane og hovudsakleg vart utkjempa i grensetraktene mellom Noreg og Sverige. Etter flåteranet i København i 1807 hadde Danmark-Noreg alliert seg med Frankrike og forplikta seg til å erklæra krig mot Sverige for å tvinga svenskane til å tiltre fastlandssperringa, som Napoleon hadde innført som eit strategisk tiltak mot Storbritannia. Det dansk-norske krigsmålet var mellom anna å prøva å gjenerobra Skåne og andre provinsar som var tapt ved freden i Roskilde i 1658. Det svenske krigsmålet var å erobra Noreg og å oppnå tollfridom i Øresund.
Del av Napoleonskrigane | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
![]() | |||||||
| |||||||
Partar | |||||||
![]() ![]() |
![]() ![]() | ||||||
Kommandantar | |||||||
![]() ![]() ![]() ![]() |
![]() ![]() | ||||||
Styrkar | |||||||
22 000 mann | 36 000 mann | ||||||
Tap | |||||||
ca. 200 til 400 døde og såra i kamp 900-1200 krigsfangar |
ca. 210 til 400 døde og såra 152 krigsfangar |

Bakgrunn
endreSidan Sverige hadde vore i krig mot Napoleon sidan 1805, og Danmark hadde inngått forbund med den franske keisaren og Russland, var det vanskeleg å unngå krig i Norden etter flåteranet. Freden i Tilsit 7.-9. juli 1807 gjorde slutt på den fjerde koalisjonskrigen. Russland og Preussen trekte seg ut, slik at berre to land var tilbake – Storbritannia og Sverige. Tsar Aleksander I forplikta seg til å tvinga Sverige til å bryta med Storbritannia dersom svenskane nekta å slutta fred på dei franske vilkåra. Danmark-Noreg slutta seg til det fransk-russiske alliansen etter at det dansk-franske forbundstraktaten var underteikna i Fontainebleau den 31. oktober.
Svenskekongen, Gustav IV Adolf, nærte eit nesten fanatisk hat til Napoleon. Difor tok han ikkje omsyn til dei diplomatiske framstøytane, og den overveldande trusselen, men heldt fram med å vera den einaste allierte av britane på det europeiske kontinentet. Napoleons krav til sine alliansepartnarar var å tiltre fastlandssperringa. Tsar Aleksander I, som hadde fått frie hender for ein aggressiv ekspansjonspolitikk i den russiske interessesfæren, fekk klarsignal frå Napoleon til å angripa Sverige vinteren 1808–1809 etter at det vart kjent at Gustav IV Adolf nekta å bøya seg for dei franske krava. 24 000 russiske soldatar rykte over grensa mot Finland den 21. februar 1808. Finskekrigen om herredømmet over Finland var i gang.
Det hadde vore intens diplomatisk aktivitet mellom utsendingar frå regjeringane i dei to landa under opptrappinga mot krigsutbrotet. I St. Petersburg frykta ein at Danmark-Noreg skulle gå frå forpliktingane sine som russisk forbundsfelle, og ikkje delta i den planlagde tofrontskrigen mot Sverige. Men det dansk-norske regjering hadde inkje alternativ til å slutta seg til det russiske angrep på Sverige. Den 14. mars 1808 vart krigsfråsegna overlevert til Sverige etter at ho var underskriven av regenten, kronprins Frederik. Dagen før krigsfråsegna vart motteken i Stockholm, døydde den sinnslidande kong Christian VII av slag som følgje av otte over nyhendet om at ein spansk-fransk hær hadde gått inn i Jylland. Danmark-Noreg fekk ein ny konge, samstundes som landet gjekk til krig mot Sverige som alliert av Frankrike.
Som svar på krigsfråsegna frå Danmark-Noreg byrja svenskekongen å planleggja ein invasjon av Sjælland for å tvinga danskane til å slutta separatfred, men denne planen eksisterte berre på papiret. Dei utstasjonerte troppane i Sør-Sverige på omtrent 7 000 mann vart i staden disponerte i ei defensiv stilling mot eit mogleg alliert angrep over det islagde Øresund. Til Stockholm var det kome meldingar om at Napoleon hadde sendt ein forbundsarmé som forsterkning til Danmark.
Den norske hæren
endreDen norske hæren hadde vore førebudd på ein framtidig krig mot Sverige sidan hausten 1807. Men sidan hæren var nøydd til å oppretthalda eit sterkt kystforsvar mot angrep frå den britiske flåten som blokkerte kysten og hadde avskore sambandet mellom Noreg og Danmark, var stoda til felthæren dårleg i byrjinga av 1808. Medrekna landvernskompani og frivillige etter den omfattande mobilisering telte hæren om lag 25 000 mann. I tillegg kom kystvernet med ca. 10 000 mann.
Krigen
endreKrigsførebuingane
endreEtter at finskekrigen hadde brote ut, såg regjeringa i København at situasjonen innbaud til henta fram den gamle og ofte freista planen om eit dansk hovudangrep mot Skåne synkronisert med eit norsk utfall over svenskegrensa mellom Svinesund og Trøndelag. Napoleon svara på oppmoding frå København om forsterkningar med å senda 20-30 000 soldatar til å delta i den planlagde invasjonen av Skåne. Den norske hæren skulle angripa med 5 000 mann for å binda opp monalege svenske styrkar, samstundes som det allierte framstøytet over Øresund fann stad.
Den 5. mars, få dagar etter at den dansk-norske regjeringa hadde bestemt seg, byrja marskalk Bernadotte, som no var fransk guvernør i Hamburg og dei andre hansabyane, å marsjera mot Danmark med ein forbundsarmé på 32 000 mann. Mykje tyder likevel på at Napoleon ikkje hadde til føremål å la sine troppar gå til direkte aksjon. Etter at Bernadotte med store delar av forbundsarméen hadde slått leir på Sjælland, vart det ikkje gjeve nokon ordre om vidare framrykking mot utskipningshamnane i Danmark. Isen og sundet byrja å brytast opp i midten av mars. Til alle si overrasking viste dei første britiske krigsskipa seg svært tidleg, medan isflaka enno låg ganske tett. Admiral Hyde Parker hadde lege i Göteborg vinteren 1807-08 med sin eskadre og kom difor særs tidleg av stad til Kattegat og Austersjøen. Bernadotte, som hadde mista verdifull tid medan han låg isfast, mista òg høvet til å sikra overfarten, før dei britiske krigsskipa kom.
Dei framande troppane på Sjælland, Fyn og Jylland vart meir ein byrde enn ei hjelp for Danmark. Eit anna problem oppstod etter at nyhendet nådde Danmark om at Spania hadde gjort opprør mot Napoleon. Dei spanske troppane måtte då avvæpnast, og vert internert. I midten av april 1808 vart dei danske og franske plana om invasjon i Sverige avblåse. Danmark vart først kvitt dei siste framande troppane i desember 1808.
Etter det dansk-norske krigsfråsegna var overlevert i Stockholm 14. mars 1808, byrja Gustav IV Adolf å planleggja felttoget mot Danmark og Noreg, og det beslagla mesteparten av hans merksemd. Han hadde lenga ynskt å erobra Noreg, og såg no eit høve til å verkeleggjera sit ynskje. Til trass for at det svenske forsvaret i Finland var hardt pressa av dei russiske invasjonsstyrkane, vart store delar av Vestarméen konsentrert mot Noreg for å gjennomføra ein avgrensa offensiv på kort varsel. Dei svenske krigsplanane gjekk ut på, først å la venstre fløy angripa ved Strömstad for å trekkja norske styrkar sørover, og deretter skulle høgre fløy gå fram i tre framstøytar, med eit opphald på 24 timar mellom kvart. Føremålet med den svenske planen om separate framstøyt på fleire ulike stadar og tider var å forvirra nordmennene og samtidig å bryta seg gjennom på så mange stadar som mogleg.
Christian August, som hadde fått ordre frå København om å gjera innfall i Sverige med fem tusen mann, hadde gjort seg populær både i folket og mellom soldatane, som gav han tilnamnet «Gustenborgaren». Dei oppfatta han som ein gjevmild, omgjengeleg og dugeleg feltherre, som forstod dei norske troppane sine. Han hadde oppnådd stor militær innsikt og krigsrøynsle. Etter at mobiliseringa av den norske hæren var gjennomført i mars, kom dei alvorlege manglane på utrusting og forsyningar til å forseinka krigsførebuingane. Oppmarsjen var ikkje avslutta før 28. mars. Etter at han hadde fått kjennskap til førebuingane til den svenske vestarméen, vedtok Christian August å satsa på eit forsvar med indre operasjonslinjer. Det låg enno mykje snø i grensetraktane, og det betydde at det ville verta vanskeleg å ta seg fram utanfor vegane. Christian August såg dette som ein stor fordel for dei norske soldatane. Dei svenske offiserane oppfatta derimot snøen som ei alvorleg hindring for den planlagde offensiven.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Krigen med Sverige 1808–1809» frå Wikipedia på bokmål, den 30. september 2018.