Veien til Agra er ei barnebok av Aimée Sommerfelt frå 1959. Ho er ei dei best kjende bøkene til Sommerfelt, og fekk internasjonal merksemd. Boka er omsett til ei rekkje språk og har fått fleire prisar.

Veien til Agra
Forfattar(ar)Aimée Sommerfelt
Språknorsk
Utgjeven1959

Handling

endre
 
Taj Mahal i Agra.

Boka handlar om to sysken i India, trettenårige Lalu og systera hans Maya på sju, som er på veg frå Allahabad til Agra. Maya lid av ein alvorleg augesjukdom som er i ferd med å gjera ho blind. Vegen er støvete, brennheit og prøvande, og om natta trugar slangar og sjakalar. Men borna held motet oppe, for dei har høyrt at sjukdomen kan heilast på sjukehuset i Agra. På vegen møter dei både snille og slemme menneske, og får ri på elefant. Til slutt kjem dei fram og får hjelp av europeiske legar.[1]

Høyrespel og fjernsynsoppfølging

endre

Kort tid etter utgjevinga av boka bestemte NRK Radio seg for å laga eit høyrespel av boka. Ebba Haslund utarbeidde manuset, og instruksjonen var ved Erik Lassen. Høyrespelet var i fire delar som vart sende i Lørdagsbarnetimen. Fyrste gong det vart sendt var i mars 1960.[2]

I 1963 var boka utgangspunkt for ein konkurranse i NRK Fjernsynet sin barneprogramserie Kosekroken. Året etter, i 1964, bygde Kosekroken vidare på høyrespelet og aktivitetskonkurransen, og sende dessutan ein serie kortfilmar som illustrerte utvalde scener frå høyrespelet og boka.[3]

Prisar

endre

I 1959 mottok Sommerfelt forlaget Damm sin «ekstrapris» på 5 000 kroner for Veien til Agra. Dette var fyrste gong ekstraprisen vart delt ut.[4]

I 1960 mottok boka Kyrkje- og undervisningsdepartementets førstepris som ei av dei to beste barnebøkene som vart gjevne ut i Noreg i 1959.[5]

I 1962 vann forfattaren Jane Addams Peace Book Award frå Internasjonal Kvinneliga for Fred og Fridom. Ved utgangen av 1962 hadde boka vunne i alt ni ulike prisar.[6]

Omsetjingar

endre

Per desember 1962 hadde Vegen til Agra vorte omsett til 14 språk.[6]

Oppfølgjar

endre

Hausten 1962 gav Sommerfelt ut ein oppfølgjar til Veien til Agra. Oppfølgjaren hadde tittelen Den hvite bungalowen, og var illustrert av Ulf Aas nett som den første boka. Då Den hvite bungalowen vart sendt ut på marknaden vart Vegen til Agra allereie omtalt som ein verdssuksess.[7][8]

Kjelder

endre
  1. Aimée Sommerfelt (1959). «Veien til Agra» (på norsk). N.W. Damm & Søn. Henta 29. mars 2018. 
  2. «Radio - Fjernsyn Lørdag 5. mars». Halden Arbeiderblad (på norsk). 5. mars 1960. 
  3. «Aktiv lek i Kosekroken». Rogalands Avis (på norsk). 2. oktober 1964. Henta 29. mars 2018. «I Kosekroken kommer i kveld det andre programmet i serien "Veien til Agra". / - Veien til Agra gikk som hørespill i radioen i fjor, 4 episoder, - sier Helge Sverre Nesheim. Den gang innbød vi barna rundt om i landet å lage fantasibilder fra dette hørespillet. (---) Det ble en veldig oppslutning om denne konkurransen, og vi fikk inn hundrevis av produkter. Noen av disse viste vi fram i det forrige programmet som gikk. I dag har vi fått tak i tre av dem som var med å sende inn ferdige figurer. De får utlevert råmateriale og skal sitte i studio for å vise fram hvordan man lager slike fantasiprodukter. I forbindelse med denne aktivitetskonkurransen skal vi ha enkelte småfilmer som illustrerer de situasjonene i hørespillet som vil bli dratt fram.» 
  4. «Damm-prisen til Babben Friis Båstad». Rogalands Avis (på norsk). 23. september 1959. Henta 29. mars 2018. «Damm-prisen 1959 på 20 000 kroner gikk i år til Babben Friis Båstad, Oslo for hennes bok "Æresord". Damms ekstrapris på 5 000 kroner, som ble delt ut for første gang ble gitt til Aimee Sommerfelt for boken "Veien til Agra". Prisene ble delt ut ved en enkel tilstelning i Damm-huset i går, og begge forfatterinnene var til stede og tok imot belønningen.» 
  5. «Beste barnebok i 1959: Førstepremier til Leif Hamre og Aimee Sommerfelt». Rogalands Avis (på norsk). 16. februar 1960. Henta 29. mars 2018. 
  6. 6,0 6,1 «News in Brief». Nordisk Tidende (på norsk). 13. desember 1962. Henta 29. mars 2018. «OSLO: The Women's International League for Peace and Freedom has presented the Jane Addams Peace Book Award to Norwegian author Aimé Sommerfelt for her children's book "The Road to Agra". Translated into 14 languages, it has won nine awards.» 
  7. «Variert høstliste fra Damm's forlag». Sarpsborg Arbeiderblad (på norsk). 24. oktober 1962. Henta 29. mars 2018. 
  8. Aimée Sommerfelt (1966). «Den hvite bungalowen» (på norsk). Henta 29. mars 2018. 

Bakgrunnsstoff

endre