Ain Dara i Libanon
- Denne artikkelen handlar om landsbyen i Libanon. For den syriske landsbyen, sjå Ain Dara i Syria.
Ain Dara er ein landsby kring 30 km frå Beirut, i Libanonfjella guvernement i Aley distrikt. Ain Dara kommune dekkjer 25,86 kvadratkilometer og har kring 8000 innbyggjarar. Det var 3 874 registrerte veljarar her i 2010.
Ain Dara | |||
landsby | |||
Land | Libanon | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Libanonfjella guvernement | ||
Distrikt | Aley distrikt | ||
Høgd | 1 300 moh. | ||
Koordinatar | 33°47′N 35°35′E / 33.783°N 35.583°E | ||
Areal | 25,86 km² | ||
Folketal | 8 000 | ||
Folketettleik | 309 / km² | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
Retningsnummer | +961 | ||
Ain Dara i Libanon 33°47′00″N 35°43′00″E / 33.783333°N 35.716667°E | |||
Kart som viser Ain Dara i Libanon.
|
Ain Dara ligg i sørsida av ein furuskogkledd dal, kring 1300 meter over havet. Han ligg nær fjellet Barouk, som er kjend for sederskogane sine. Høgda gjer at somrane er kjølige og vintrane kalde med mykje snø.
Kjende stader kring Ain Dara er Hammana og Mdeirej i nord, Al Azzounieh og Bmahray i sør, Dahr-el-Baydar i aust og Sawfar i vest. Ain Dara er kjend for slaget ved Ain Dara som fann stad i 1711. Det var reit historisk slag som endra Libanon på den tida.
Ain Dara har fem kyrkjer og fire skular.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Ain Dara, Lebanon» frå Wikipedia på engelsk, den 20. august 2014.