Barouk (arabisk الباروك) er ein landsby i Chouf distrikt i Libanon. Historisk vart landsbyen kjend som «det gode landet», på grunn av kjelda her (Nabeh-el-Barouk). Diktaren Rachid Nakhleh, som skreiv nasjonalsongen til Libanon, vart fødd i Barouk. Landsbyen er òg kjend for eplene sine og andre frukt, og for dei mange skogane med furu og eik. Like ved landsbyen ligg fjellet Jabal el Barouk på 1943 meter over havet. Fjellet ligg i det største naturreservatet i Libanon, Al Shouf-seder naturreservat, og nokre av dei eldste og flottaste Libanonsedertrea i Libanon står her.

Barouk
landsby
Land Flag of Lebanon.svg Libanon
Guvernement Libanonfjella guvernement
Distrikt Chouf distrikt
Høgd 1 943 moh.
Koordinatar 33°42′N 35°41′E
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Retningsnummer +961
Lebanon location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Barouk

GalleriEndra