Airdrop Peak
Airdrop Peak er eit fjell med to toppar, 890 moh, ved nordenden av Commonwealth Range i Antarktis. Det er det første markante fjellet på Ebony Ridge når ein kjem frå nordvest. Då landmålarar frå New Zealand gjorde observasjonar frå den høgaste av dei to toppane den 11. desember 1959, flaug eit R4D-fly frå U.S. Navy skvadron VX-6 over dei og slapp ein reserverradio til ekspedisjonen etter at den første hadde vorte øydelagd. Så på grunn av denne hendinga fekk det namnet Airdrop (engelsk for «flyslepp») av New Zealand Alpine Club Antarctic Expedition, 1959–60.
Airdrop Peak | |||
fjell | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Commonwealth Range | ||
Topp | Ross Dependency | ||
• høgd | 890 moh. | ||
- koordinatar | 83°45′S 172°45′E / 83.750°S 172.750°E | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Airdrop Peak 83°45′S 172°45′E / 83.75°S 172.75°E | |||
Kjelder
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Airdrop Peak» (innhald frå Geographic Names Information System).