Ajon

(Omdirigert frå Ajonøya)

Ajon er ei øy like utanfor kysten av Tsjukotka i Aust-Sibir-havet i Russland. Øya er 63 km lang og 38 km brei. Ho er generelt låg og flat med mange innsjøar og myrområde.

Ajon
øy
Land  Russland
Areal 2 000 km²
Folketal 440
Kart
Ajon
69°47′24″N 168°39′03″E / 69.79°N 168.65083333333°E / 69.79; 168.65083333333
Wikimedia Commons: Ayon Island

Øya er hovudsakleg folkesett av tsjuktsjarar. Det er to små busetnader her, Elvunej og Ajon nordvest på øya. Ajon er kalla opp etter ein familie som seinare flytta til Amerika.

Mellom Ajon og fastlandet ligg Malij Tsjaunskij-sundet, eit grunt sund som er 2 km breitt på det smalaste. Bukta som ligg sør og aust for øya heiter Tsjaunskaja guba.

Administrativt høyrer Ajon til Tsjukotka autonome okrug.

Nærliggande øyar endre

Sjå òg endre

Kjelder endre

69°45′N 168°30′E / 69.750°N 168.500°E / 69.750; 168.500