Tsjuktsjarar (russisk tsjuktsji, чукчи (fleirtal), tsjuktsja, чукча (eintal)) er eit urfolk frå Tsjukotka, aller lengst nordaust i Sibir, ved kysten av Nordishavet og Beringhavet. Dei snakkar eit paleosibirsk språk, tsjuktsjisk. I den siste sovjetiske folketeljinga i 1989 oppgav 15 183 at dei var tsjuktsjarar og 70,3 % snakka språket.

Ein tsjuktsjisk familie teikna av Louis Choris i 1816

Tsjuktsjarane har tradisjonelt levd av reindrift. Dei heldt sannsynlegvis tidlegare til lengre sør, og dei har fordrive andre folkeslag som yupikar og jukagirarar. Då russarane kom til området på 1700-talet, braut det ut krig der tsjuktsjarane forsvarte seg kraftig. I 1778 gjekk russarane over til ein meir fredeleg politikk der dei handla med tsjuktsjarane, men elles lét dei vera i fred.

På 1950-talet blei reindrifta tvangskollektivisert, sjølv om tsjuktsjarane kjempa mot KGB og hæren med våpenmakt. Mange tsjuktsjarar har no store helseproblem knytte til alkoholisme, feilkosthald og forureining frå gruvedrift og prøvesprengingar.

Kjelder endre