Jonsokkollslekta
planteslekt
(Omdirigert frå Ajuga)
Jonsokkollslekta (Ajuga) er ei planteslekt i lepeblomsterfamilien. Dette er fleirårige plantar med grov ugreina stengel og tettblada blomsterstand. Blå blomstrar. Krona sit på etter at ho er visna. Tre artar veks i Noreg.
Jonsokkollslekta | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Leppeblomordenen Lamiales |
Familie: | Leppeblomfamilien Lamiaceae |
Underfamilie: | Teucrioideae |
Stamme: | Ajugeae |
Slekt: | Jonsokkollslekta Ajuga L., 1753 |
Artar i Noreg:[1]
- Jonsokkoll (A. pyramidalis), livskraftig (LC)
- Krypjonsokkoll (A. reptans), sterkt truga (EN) i Raudlista 2021[2]
- Storjonsokkoll (A. genevensis), framandart, ingen kjend risiko (NK) i Framandartslista 2018[3]
Kjelder
endre- ↑ Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 963–964, 1164.
- ↑ «Norsk rødliste for arter 2021». Raudlista 2021. Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 1. mars 2023.
- ↑ «Fremmedartslista 2018». Framandartslista 2018. Artsdatabanken. 24. april 2018. Henta 1. mars 2023.
- Dansk wikipedia.