Akeritt
Akeritt er ein vulkansk djupbergart som består av feltspat (plagioklas og ortoklas), biotitt, hornblende, augitt og kvarts (syenittisk til monzonittisk samansetnad).[1]
Det finst fleire forskjellige typar i Oslofeltet der han størkna frå djupe smeltemassar under permtida. Bergarten er kalla opp etter Aker.[1]