Djupbergart er ein magmatisk bergart som har krystallisert seg langsamt frå magma under jordoverfalta. Djupbergartar inneheld batolittar, gangar, lagergangar, lakkolittar, lopolittar og andre vulkanske kjenneteikn. Uttrykket vert som regel nytta i samanheng med dagbergartar, som er vulkanske bergartar danna på jordoverflata og gangbergartar, der magma har størkna i spalter. Batolittar er vanlegvis samlingar av djupbergartar. Døme på djupbergartar finn ein ved Cardinal Peak og Mount Kinabalu.

Djupbergart frå juratida med intrusjon av rosa monzonitt og under ein seksjon med sedimentære bergartar. Dette har vorte løfta og eksponert nær Notch Peak i House Range i Utah.

Djupbergartane vert stundom òg kalla plutoniske.

Dei mest vanlege bergartane av djupbergartane er granitt, granodioritt, tonalitt, monzonitt og kvartsdioritt.

Kjelder endre