Ortoklas
Ortoklas er eit mineral som er ein monoklin kalifeltspat som mellom anna er vanleg i granittar og syenittar. Det vert danna ved høgare temperatur enn mikroklin, som er ein triklin modifikasjon av kalifeltspat.
Ortoklas | |
![]() | |
Generelt | |
---|---|
Kategori | Silikatmineral |
Kjemisk formel | KAlSi3O8 |
Identifikasjon | |
Farge | fargelaus, grønaktig, gråaktig gul, kvit, rosa |
Krystallform | Kan vere allotriomorf eller idiomorf. Korn er vanlegvis forlenga med ein tavleforma utsjånad. |
Krystallsystem | Monoklin (2/m) Romgruppe C2/m |
Tvilling | Typisk carlsbad-tvilling. Baveno- og manebach-tvillingar har òg vore rapportert |
Kløyv | Har perfekt kløyv på {001} og god kløyv på {010}. Kløyv kryssar ved 90°. Det kan vere vanskeleg å sjå kløyv i tynne delar på grunn av det låge relieffet til ortoklasen. |
Mohs hardleiksskala | 6 (definerande mineral) |
Glans | glasaktig, perleaktig på kløyvflater |
Strekfarge | kvit |
Transparens | Gjennomsiktig til gjennomskineleg |
Spesifikk vekt | 2,55–2,63 |
Optiske eigenskapar | |
Optiske eigenskapar | Toaksa (-), 2V = 65–75 |
Brytingsindeks | nα = 1,518–1,520 nβ = 1,522–1,524 nγ = 1,522–1,525 |
Dobbeltbryting | 0,0050–0,0060 |
Dispersjon (spreiing) | relativt kraftig |
Utslokkingsvinkel | parallell til kløyv |
Kjenneteikn | Kan skiljast frå mikroklin av mangel på rista tvilling. Kan skiljast frå sanidin av ein større 2Vx. |
Endrar seg til | sericitt eller leire (vanlegvis) |
Andre eigenskapar | Lågt negativ relieff |
Kjelder | [1][2][3] |
Kjelder Endra
- Ortoklas. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014.