Akne, òg kalla filipensar, kviser eller kveiser, er ein betennelsessjukdom i huda. Akne oppstår i hårsekkane. Tilstanden har ein karakteristisk utsjånad, og det er av den grunn enkelt å stille diagnosen. Den vanlegaste forma vert kalla acne vulgaris (vanleg akne).

14 år gammal gut med kviser i panna

Acne vulgaris er svært vanleg, særleg i vestlege samfunn. Akne oppstår vanlegvis i puberteten, og ein går ut i frå at hormonelle endringar er grunnen til at det oppstår. Tilstanden betra seg som regel over fleire år, og kan hjå mange forsvinne heilt. Det er vanskeleg å seie når, eller kor fort denne normaliseringa skjer. Somme kan vere plaga i mange tiår. Aknelesjonane går over, men etterlet seg ofte varige arr. Ved kraftige tilfelle av akne med arrdanning kan det vera aktuelt med medikamentbehandling.

Bakgrunnsstoff endre