Akrobat

(Omdirigert frå Akrobatikk)

Akrobat er ein person som utfører akrobatikk, ulike gymnastiske kunstar, fysiske øvingar og vågestykke. Akrobatar opptrer gjerne som underhaldarar, særleg på sirkus, som gateartistar eller i varietéshow, og kan bruka prangande kostyme og muskk til utøvinga si. Nokre vanlege akrobatikknummer kan vera balanse- eller trapesnummer. Akrobatiske evner kan òg nyttast av artistar og utøvarar innan til dømes dans, scenekunst og idrett.

Balanseakrobatikk utført av eit par på sykkel.

Ordet «akrobat» har opphav i det greske ordet akrobatein, «gå på tærne», som igjen er danna av akros, «høg», og bat, «gonge». Ordet blir brukt i nemninga «finansakrobat», ei nemning på forretningsfolk som gjer store økonomiske krumspring, gjerne på kanten av kva som er tillate, for å tena pengar eller unngå konkurs.

Sjå òg endre

 
Gammal plansje frå eit fransk oppslagsverk gjeve ut av Éditions Larousse i 1932 med døme på kjende akrobatar og nummer i samtida.

Kjelder endre