Ein gateartist er ein som opptrer på offentlege plassar for å underhalde folk, i ønske om at dei betalar etterpå. Mange reknar det å opptre på gata for småpengar som det lågaste trinnet på stigen i underhaldningsbransjen, ettersom alle som vil kan prøva seg. Men tradisjonen har gamle røter, og kan mellom anna sporast til antikken.

Gatemusikantar i Seattle under Northwest Folklife Festival.
Foto: Joe Mabel
Framføring av shishimai, tradisjonell japansk dans, på gata i Kyoto.
Foto: Toki-ho

Ein gateopptreden kan bestå av alt som folk finn underhaldande. Gateartistar kan spele musikk, klovne, blåse ballongar, utføre komikk, danse, sjonglere, gjere akrobatikk, sluke eld, trylle, spele teater, laga gatekunst (teikning, måling osb.), spå, opptre med dikt og tekstar, mime eller ganske enkelt stå som ein levande statue.

Folk opptrer som gateartistar av forskjellige grunnar. Nokon gjer det for å tena pengar, andre for å få merksemd som artist, for å møte folk, for moro skyld, eller for å øva opp talentet sitt framfor eit publikum. Både evner og inntening kan variera, og ein kan både jobba profesjonelt som gateartist heile året, berre på deltid, eller berre innanfor ein sesong.

Mange ser på gateopptreden som eit velkomment avbrekk frå at gatene berre blir brukt til handling, og andre igjen ser det som forstyrring av ro og orden.

Opptredenar endre

Innteninga til ein gateartist er avhengig av mange tilhøve, til dømes samansetninga av publikum, forestillingas type og kvalitet, og når på døgnet det er. Ei førestilling som kan tjene mykje pengar på ein stad ei tid, fungerer kanskje ikkje i ei anna setting. Plassering kan vera viktig, kor mange fotgjengarar som passerer, like mykje som mengda av bakgrunnstøy og andre forstyrringar. Konkurranse frå andre utøvarar kan også spele ei rolle, både positivt og negativt.

Det er fleire forskjellige grunnvariantar av gateopptreden. Nokon søker å skape ein sirkel av publikum som samlar seg rundt dei. Desse førestillingane har oftast ei tydeleg begynnelse og slutt. Desse er ofte gjort av magikararar, komikarar, akrobatar og sjonglørar. Desse forestillingane kan vere dei mest lønnsomme, men gateartisten må passe på at publikum ikkje blir så stort at dei stenger gata. Andre førestillingar har inga direkte byrjing eller slutt, som ein musikar som fortset frå nummer til nummer, eller ein klovn som går frå situasjon til situasjon.

Gateopptreden og lova endre

 
Ein gatemusikant i Sevilla i Spania

Dei fleste stader der det er mange folk kan brukast til å opptre, mellom anna fortau, parkar, gågater og torg. Nokre stader kan kven som helst stilla seg opp og opptre, andre stader treng ein løyve, og nokre stader er gateopptredenar forbodne. Det kan vera avgrensingar på lydvolumet eller krav om løyve for å bruka forsterkar.

Blant gateartistanes uskrevne reglar, er det viktig at dei ikkje stoppar flyten for fotgjengarar, stenger inngangar eller utgangar, eller gjer handlingar som bringar publikum i fare. Det er heller ikkje bra å opptre for eit publikum som ikkje kan forlate, bortsett frå viss ein er invitert til dette. Ein kan opptre utanfor ein t-banestasjon der folk kan velje å bli eller gå, men ikkje på sjølve bussen eller toget, der folk ikkje kan forlate. Opptreden for folk som ikkje kan sleppa unna, til dømes på bussen eller toget, er nærmast å rekna som tigging.

Gateartistar og andre endre

Å avgjera kven som er ein «ekte» gateartist er vanskeleg. At utøvaren har heldt på over fleire år kan vera ein måte å vurdera det på. Mange gateartistar har brukt fleire år på å utvikla talenta sine for å kunna tilby ein opptreden og eit repertoar. Gateartistar er som oftast verken heimlause eller tiggarar, sjølv om nokre frå desse gruppene også kan prøva å tena pengar på å opptre.

Tiggarar samlar seg i blant for å prøve å samle inn frå dei som ønskjer å gi til gateartisten og ta imot pengane sjølv. Tiggarar kan også prøve å fanga til seg pengar ved å oppføra seg slik at gateartisten betalar dei for å forsvinne.

Gateartistar kan også vere offer for tjuvar fordi det er ei veldig open og offentleg form for utøving. Ein vanleg teknikk som tjuvar brukar er å gje inntrykk av å gje mynter, mens dei istaden tar innsamla pengar.

Gateartistplassar endre

Populære plassar er som oftast offentlege plassar med store mengder fotgjengarar, høg synlegheit og låg bakgrunnstøy eller forstyrrelse.

Fulltids gateartistar kan hevde å ha meir rett til ein plass enn til dei som dei reknar som hobbyartistar, men det er ikkje akseptabelt å halde ein plass for lenge viss ein annan gateartist ønskjer å opptre. Nokon gonger kan kompromiss bli gjort mellom konkurrerande gateartistar, men det kan også resultere i krangling.

Gateartistar i Noreg endre

Å vere gateartist i Noreg, kan vere ein prøvelse klimatisk sett. Likevel er det i Oslo mange som opptrer på gata, i all hovudsak på Karl Johans gate og Rådhusplassen ved Aker brygge. Sesongen er å rekne frå byrjinga av mai til slutten av september, sjølv om nokon byrjar før og sluttar seinare. Mange av dei som spelar i Noreg på sommaren, drar da sørover, mot varmare land.

Bakgrunnsstoff endre