Akrylfarge er ei raskt-tørkande måling der pigmentet er utblanda i ein akrylpolymer. Akrylmåling kan tynnast med vatn, men blir vassfast når den er tørr. Alt etter kor mykje akrylmålinga er tynna med vatn eller tilsett gel, medium eller pasta, vil det ferdige akrylmåleriet likna akvarell eller oljemåleri, eller ha sitt eige særpreg som ikkje liknar andre måleteknikkar.

Raud akrylmåling.
Utsnitt av eit akrylmåleri med effektar som både liknar olje og akvarell.

Historie endre

Akrylfargar kom først i handelen på 1950-talet. Fargane var baserte på mineralsk sprit og kalla Magna[1] som vart ført av Bocour Artist Colors. Vassbasert akrylmåling kom deretter i sal under namnet «lateks» husmåling. Innandørs lateks husmåling kan ha akryl, vinyl, pva eller anna som bindemiddel, i tillegg til at den inneheld pigment, vatn og fyllstoff. Utandørs lateks husmåling kan også ha ulike bindemiddel, men rein akrylmåling skal vera den beste vassbaserte utandørsmålinga. Like etter at vassbasert akryl vart lansert som husmåling, begynte kunstnarar og bedrifter å utforska det kunstariske potensialet i det nye bindemiddelet. I 1955 tilbydde Liquitex ei vassbasert akrylmåling for kunstnarar. Tidleg på 60-talet kom ei svært mjuk måling av den typen som blir i laga i dag, i handelen.[2]

Eigenskapar endre

Akrylmåling kan tynnast ut med vatn og dermed brukast i laverings-teknikkar på liknande måte som akvarellmåling. Men målinglaget kan ikkje løysast i vatn att når det er tørka. Av denne grunnen kan ein ikkje nytta «fargeløftings»-teknikkar som i akvarell, som har gummi arabicum som bindemiddel.

 
Fluoriserande akrylmåling opplyst av UV-lys. (Kunstnar: Beo Beyond)

Det finst akrylmåling både med høgglans (gloss) og matt overflate, men satin eller halv-matt overflate er mest vanleg. Nokre merke fører ei ei rekkje ulike finishar (til dømes tjukk måling frå Golden, Liquitex and Winsor & Newton). Som med oljemåling vil pigmentinnhald og partikkelstorleik og –form påverka korleis den målte overflata blir. Kunstnarane kan blanda ulike medium i målinga og nytta sluttferniss for å endra eller jamna ut overflata om dei ønskjer det.

Akrylmålinga er i prinsippet ikkje råd i ta bort frå eit fast underlag når den først er tørr. Vatn eller milde løysemiddel løyser den ikkje. Men ein kan fjerna ferske målinglag med raudsprit (isopropyl alcohol). Toluen og aceton kan fjerna målinglag, men det er ikkje eigna til å fjera målingflekkar utan at det går ut over laga under. Å bruka løysemiddel vil lett fjerne både målinglaga, gessoen osv. Ein kan bruka olje, t.d. babyolje, til å fjerna akrylmåling på huda.

Ein bør bruka akrylgesso av kunstnarkvalitet til å grunna lerret når ein skal måla med akryl. Det er viktig å ikkje blanda inn ustabile og uhaldbare element i grunderinga. Akrylmåling vil ikkje danna stabile målingslag dersom den har blitt blanda med meir enn 30 prosent vatn. Men ein kan blanda inn medium som gjer målingslaget sterkare. Ein kan også tilsetja retarder for å få målinga til å tørka seinare slik at ein kan arbeida lengre med den. Akrylmåling finst også i tjukkare eller tynnare variantar alt etter kva eigenskapar ein ønskjer.

Målemiddel og underlag endre

Før 1800-talet laga kunstnarane si eiga måling for å auka levetida på måleriet, sikra det pigmentinnhaldet dei ønskte, tjukkleik og for å kontrollera bruken av tilsetjingar. Sjølv om høvelege pigment og medium er tilgjengelege for å laga si eiga akrylmåling, er det likevel ikkje særleg praktisk på grunn av den korte tørketida og andre tekniske spørsmål.

Akrylmålarane brukar derimot ulike målemiddel eller medium for å endra utsjånad, hardleik, fleksibilitet, tekstur og andre eigenskapar ved målinga. Akvarell- og oljemålarar brukar også ulike medium, men utvalet av akrylmedium er mykje større. Akryl har evna til å binda seg til mange ulike overflater, og ein kan bruka ulike medium for å tilpassa bindeeigenskapane. Ein kan bruka akryl på papir, lerret og ei rekkje andre materialar. Men det kan vera problematisk å bruka akryl direkte på maskinlaga treplater, t.d. mdf-plater, fordi overflata er for sugande. På slike underlag er det best å grunna med eit høveleg limstoff. Akryl kan leggjast på i tynne lag («wash») for å skapa liknande effektar som i akvarell eller andre vassbaserte medium. Ein kan også bruka akrylmålinga til å byggja tjukke lag med måling. Gel og andre medium blir somme tider brukte for å skapa måleri med relieff-eigenskapar som nærmar seg det skulpturelle.

Skilnader mellom akryl- og oljemåling endre

 
Demonstrasjon av akrylmåling.
  • Den viktigaste praktiske skilnaden mellom akrylmåling og oljemåling er at den første tørkar mykje raskare. Tørkinga skjer ved at vatnet fordampar, og det kan skje i løpet av minuttar eller noko lengre tid. I oljemåling kan det ta dagar før ein kan måla over eit målingslag. For kunstnarar som likar å arbeida raskt, byr akrylmålinga dermed på store fordelar. Etter kort tid kan ein utan problem leggja på nye lag med måling. I oljemåling har ein derimot meir tid til å bearbeida målinga undervegs, og det høver dermed betre til vått-i-vått-teknikken. Ein kan forlengja tørketida til akrylmålinga dersom ein ønskjer det. Ein kan tilsetja måtelege mengder med retarder, som vanlegvis er glykol- eller glyserin-baserte tilsetjingar. Ein kan også seinka tørkinga ved å halda underlaget fuktig eller spraya vatn på målinga. Likevel er akrylmålinga framleis å rekna som eit raskt-tørkande medium.
  • I 2006 introduserte Chroma ei sakte-tørkande arkylmåling, Atelier Interactive, med arbeidskvalitetar som liknar oljemåling, men heilt lik på vanleg akryl når den er tørr. Denne nye akrylmålinga kan halda seg våt og mogleg å arbeida med på paletten i fleire timar og til og med dagar under vanlege tilhøve.
  • Akrylmåling er ikkje helseskadeleg. I oljemåling kan det derimot vera naudsynt å tilsetja helseskadelege løysemiddel som white spirit eller terpentin for å tynna målinga. (Relativt nyleg er det utvikla ei vass-løyseleg oljemåling for kunstnarar).
  • Akrylmåleriet har til no synt seg svært haldbart. Bindemiddelet tørkar til ein klar film som ikkje synest å endra seg over tid. Oljemåling gulnar derimot over tid og målingslaget blir sprøtt og lite fleksibelt i løpet av få tiår. Dermed har det lett for å danna seg små sprekker (krakkelering).
  • Dei tekniske problema med akrylmåleret er små samanlikna med oljemåling. Ein kan leggja på lag etter lag utan vanskar. I oljemåling må ein følgja regelen om å måla «feitt over magert» for å unngå at bindemiddelet blir «soge inn» i grunnen.
  • Oljemåling kan ha eit høgare pigment-innhald enn akrylmåling. Dette kan gjera oljefargen kraftigare og meir dekkande. Linolje har mindre molekylar enn akryl, og kan dermed ta opp meir pigment. Det blir også sagt at oljemediet gir fargane ei unik djupne og glans.
  • Med få unntak kan ein nytta dei same pigmenta i akrylmåling som i oljemåling. Men sidan akryl er svakt alkalisk, kan ein td. ikkje bruka prøysserblå.
  • I oljemåling er det svært viktig at lerretet er limt og grunna. Akrylmåling kan ein derimot leggja direkte på ubehandla lerret om ein ønskjer det. Ein kan utan problem nytta akrylmåling på ei rekkje ikkje-feite underlag.
  • Akrylmåling blir sagt å ha ei unik allsidigheit. Akryl er svært nyttig i blandingsteknikkar, der ein kan bruka pastell, kol, pen osv. på toppen av den tørka akryloverflata. Ein kan blanda andre materialar inn i akrylmålinga, td. sand, ris og til og med pasta. Det er fullt mogleg å blanda kunstarfargar eller studiofargar med husmåling og dra nytte av det rike utvalet av ferdigblanda fargenyansar.
  • Ein kan bruka akrylfargar til andre teknikkar enn måleri. Spesialmåling er laga til linotrykk, andletsmåling, airbrush-måling, akvarellteknikkar, silketrykk og anna.

Sjå også endre

Kjelder endre

  1. Terry Fenton sin Nettartikkel om Kenneth Noland og akrylmåling, vitja 13. august 2010.
  2. http://www.liquitex.com/aboutliquitex/history.cfm Arkivert 2009-06-20 ved Wayback Machine. Vitja 13. august 2010.

Bakgrunnsstoff endre