Bygg
Bygg
Bygg
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Grasordenen Poales
Familie: Grasfamilien Poaceae
Underfamilie: Pooideae
Stamme: Triticeae
Slekt: Byggslekta Hordeum
Art: Bygg H. vulgare
Vitskapleg namn
Hordeum vulgare

Bygg (Hordeum vulgare) er ei kornplante av grasfamilien. Bygg høyrer til byggslekta, og har frø som vert nytta i matlaging for menneske og dyr, og til å laga alkoholholdig drikke som øl og whiskey. Bygg er den eldste og mest dyrka kornarten i Noreg. Han var hovudkornarten i norsk matlaging fram til 1900-talet, brukt mellom anna til flatbrød, graut og øl. Byggplanten er ein svært hardfør kornart som trivst betre i kaldt vêr enn rug, og i saltare jordsmonn enn kveite. Dyrka bygg er ein domestisert avart av den ville byggplanta (Hordeum spontaneum), som enno veks utemd vest i Asia og nord-aust i Afrika.

Spirande byggkorn

Botanikk endre

 
Byggplantar ved United States National Arboretum.

Bygg er ein eittårig art som tilhøyrer grasfamilien (Poaceae) i kveitestamma (Triticeae), nærskyld kveite- og rugarten. På tross av slektskapet kan bygg ikkje kryss-pollinerast med dei andre. Byggplanta er lett gjenkjenneleg med sine lange snerp, i form av ru, tynne «hår», som veks opp av småaksa. Byggplanten kjem i to genetiske hovudvariantar. Desse er torada og seksrada bygg, med høvesvis to og seks småaks. Torada bygg har tre frø i kvar småaks, der berre det midterste av frøa fruktbare, medan dei to laterale er sterile. Seksrada bygg har tre mindre, fruktbare, frø på kvar småaks. I modne planter kan ein sjå skilnad mellom dei ved å se om akset har to eller seks rader med korn. Bygg er ein sjølv-pollinerande, diploid art med 14 kromosom, og vert hovusakleg kultivert med pollen frå si eiga genotype. (Homozygot genotype).[1]

Agronomi og økologi endre

 
Byggåker i England.

Bygg  har stor genetisk variasjon når det gjeld stresspåkjenningar. Ved utval kan ein utvikle byggsortar som toler salt, sur eller vassjuk jord, og som er sterke mot sjukdomar. Den viktigaste sjukdomen i norsk bygg er i dag bladflekksjukdomar og Fusarium, som kan danne mykotoksin (soppgifter). Alt norsk korn blir kontrollert ved levering til mottaka.[2] 

Bygg er dyrka i eit stort spektrum av miljø, frå høgproduktive område kring Nordsjøen, tørrland med ned mot 300 mm nedbør i Midt-Austen og høgfjell til over 4000 m.o.h. i Etiopia, Andes og Tibet. Bygg er hos oss vårsådd, men kan også bli sådd om hausten. Vinterbygg er berre herdig nok i Danmark og Sør-Sverige, men er blitt prøvd lengst sør i Østfold og Vestfold. Det mest vinterherdige bygget finst i Aust-Asia, der bygg er sådd om hausten etter at ein har haust ris.[1]

Her i landet blir det dyrka seksrada sortar der vekstsesongen er kortast, fordi dei blir tidlegast mogne. Seksradsbygget hadde fram til 1920-talet nordgrensa for korndyrking på verdsbasis i Alta i Finnmark (70 grader nord), truleg ført dit med den finske innvandringa frå Tornedalen. I dag er seksradsbygget igjen i sterk ekspansjon i Nord-Skandinavia og på Island. Toradsbygg er tradisjonelt meir varmekjært og blir mest dyrka i sørlege delar av Norden.[3]

Opphav og historie endre

Bygg stammar frå den ville arten Hordeum spontaneum som veks vill frå Levanten til Afghanistan. Den er eit torada vinterbygg. Vårbygg og seksradsbygg er utvikla frå denne. Kjenneteiknet på dyrka former er at aksstilken er seig så ikkje småakset (frøet) fell av. Seksradsbygg og nake bygg (utan fastsitjande agner) er også kulturplanteeigenskapar.[4] Bygg kom til Norden kring 4000 f.Kr.[5] (4)og har sidan vore ein hovudkornart her. I bronsealderen dyrka ein nake bygg utan fastsitjande agner, men i den kjøligare Jernalderen blei dekt seksradsbygg det vanlege.[6]

Bruksområde endre

Bygg er på verdsbasis brukt til fôr, mat og malt for øl- og whiskyproduksjon. Kvalitetskriteria til fôr er i første rekke eit høgt innhald av karbohydrat (stivelse) og protein. Til malt må kornet ha ei høg tusenkornvekt, spire raskt og ha eit lågt innhald av protein.

Bygg blir brukt i høg grad til mat i ganske få land, som Etiopia og Tibet. Bygg inneheld 6-8% av løyselege kostfiber (betaglukan). Fordi dei reduserer innhaldet av kolesterol i blodet, og elles på blodsukker, tarmfunksjon og tarmkreft, er det i Europa og USA tillate å reklamere med at bygg er sunt for helsa. Bygg er ikkje glutenfritt. Dei siste åra har nye byggprodukt til mat blitt marknadsført her i landet til frukostblanding, graut, knekkebrød, middagsgryn og brød av bygg.[7]

Tradisjonar og kultur endre

Det norrøne namnet bygg tyder ”det som ein dyrkar” (jfr. å bygge,  tysk bauen, å dyrke). Det gamle namnet konn er universelt for det viktigaste kornet i eit land, jfr. at bygg heiter korn i Sverige og mais corn i USA. Tradisjonane knytt til ølbrygging er svært omfattande med ein rikhaldig litteratur.[3]

Produksjon endre

Bygg er verdas fjerde største kornart i produksjon, kring 145 mill. tonn. Russland er det største enkeltlandet, men EU-27 har kring 60 mill. tonn (40 %).[8] Dei er og størst som eksportør (10 mill. tonn. 35 %), følgd av Russland og Australia (kvar 5 mill. tonn, 18 %). Forbruket av øl og dermed prisen på malt har stige sterkt dei seinare åra, og det er i visse år knapp tilgang på verdsmarknaden. Av ei årsavling på 140+/-10 mill. tonn går 92 mill. tonn (66 %) til fôr, 28 mill. tonn (19 %) til malt, 9 mill. tonn (6 %) til såkorn og 6 mill. tonn (4 %) til mat . Av 21 mill. tonn ferdig malt blei 19,5 brukt til øl. I Tyskland, Noreg og Sverige er det berre lov til å bruke byggmalt til øl. I andre land blir stivelse frå mais, ris m.m. brukt.

Ranga Land Mengd i tonn
1 Russland 15 388 704
2 Tyskland 10 343 600
Frankrike 10 315 900
4 Canada 10 237 900
5 Spania 10 057 600
6 Tyrkia 7 900 000
Ukraina 7 561 650
Australia 7 471 592
9 Storbritannia 7 092 000
10 Argentina 4 705 160
11 USA 4 682 735
Verda 144 755 038


Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Pourkheirandish M; Komatsuda T. (2007). «The Importance of Barley Genetics and Domestication in a Global Perspective». Ann Bot. 100/5): 999.1008. 
  2. Felleskjøpet (2016). «Norsk matkorn – krav til KSL». 
  3. 3,0 3,1 Pourkheirandish M; Hensel G; Kilian B; Senthil N; Chen G; Sameri M (2015). «Evolution of the grain dispersal system in barley». Cell. 162(3): 527-539. 
  4. Komatsuda T; Pourkheirandish M; He C; Azhaguvel P; Kanamori H; Perovic D (2007). «Six-rowed barley originated from a mutation in a homeodomain-leucine zipper I-class homeobox gene». Proceedings of the National Academy of Sciences. 104(4): 1424-1429. 
  5. Sørensen L; Karg S. (2014). «The expansion of agrarian societies towards the north–new evidence for agriculture during the Mesolithic/Neolithic transition in Southern Scandinavia.». Journal of Archaeological Science. 51: 98-114. 
  6. Bakkevig S. (1998). «Problemer i bronsealderens korndyrking på Forsandmoen, Rogaland, SV-Norge.». Arkeologisk Museum Stavanger - Varia. 33: 55-62. 
  7. «Norsk Landbruk». 2015. 
  8. «FAO Statistical Yearbooks - World food and agriculture». 2016. 

Bakgrunnsstoff endre