Aksel Bu Kvaløy
Aksel Bu Kvaløy (fødd 12. august 2008) er ein norsk sjakkspelar, Internasjonal meister i sjakk (IM) i 2023. Han blei Noregsmeister i sjakk i 2024, berre 15 år gammal.
Aksel Bu Kvaløy | |
Fødd | 12. august 2008 (16 år) |
Idrett | sjakk |
I Noregsmeisterskapen i sjakk på Golsfjellet 28. juni-6. juli 2024 tok Aksel Bu Kvaløy 6,5 poeng på dei 9 rundane. Frode Urkedal fekk like mange poeng, men hadde hårfint svakare kvalitetspoeng, basert på kven dei to hadde møtt. Aksel Bu Kvaløy blei dermed noregsmeister i sjakk og fekk kongepokalen.[1]
Aksel Bu Kvaløy var dermed den tredje som klarte å bli noregsmeister allereie som 15-åring. Dei to andre er Simen Agdestein og Magnus Carlsen. Aksel Bu Kvaløy har allereie lenge blitt rekna som eitt av dei største talenta i norsk sjakk, med ei rad fine plasseringar i aldersbestemt sjakk.
Aksel Bu Kvaløy blei Internasjonal Meister ved å ta 5,5 av 9 i Kragerø Resort Chess International 23-27.2.2022; 5 av 9 i Fagernes Chess International 2-9.4.2023 (4,5 var nok); og 7 av 10 i Norway Chess Open i Stavanger 27.5-3.6.2023 (5,5 var nok). Han blei deretter utnemnd til Internasjonal Meister av 2023 2nd FIDE council 1. august 2023.
Aksel Bu Kvaløy har to innteikningar i stormeister-tittelen. Den første var resultatet i Norway Chess Open i 2023.[2] Det andre var resultatet i NM 2024, der 6,5 av 9 også var eit stormeisteresultat. Aksel Bu Kvaløy manglar dermed det tredje avgjerande stormeister-resultatet for å bli stormeister, og per juli 2024 også ca. 15 ratingpoeng på kravet om eigen rating på 2500.
Aksel Bu Kvaløy er medlem av Stavanger Sjakklubb.
Kjelder
endre- ↑ «Landsturneringen 2024 – dag 9 – Bergensjakk», bergensjakk.no, henta 12. juli 2024
- ↑ «Norway Chess Open 2023 – runde 9 – Bergensjakk», bergensjakk.no, henta 12. juli 2024