Akunnaaq er ei bygd i Qeqertalik kommune på vestkysten av Grønland. Bygda hadde 85 innbyggarar i 2018.[2]

Akunnaaq
busetnad
Land  Grønland
Kommune Qeqertalik kommune
Folketal 82 (2016)
Kart
Akunnaaq
68°44′37″N 52°19′43″W / 68.743611111111°N 52.328611111111°W / 68.743611111111; -52.328611111111
Wikimedia Commons: Akunnaaq

Akunnaaq betyr «staden imellom».[3]

Geografi

endre

Akunnaaq ligg aust på den rundt 11 km² store øya Akunnaap Nunaa sør i Diskobukta.[3] Bygda ligg 23 km nordaust for Aasiaat.

Akunnaaq hamn er islagd frå desember/januar til april/mai.[3]

Historie

endre

Busetnaden Akunnaaq blei grunnlagd i 1850.[3] Det har budd folk i dette området tidlegare òg. I 1799 fanst det planar om å folkesetja staden, på grunn av den ideelle plasseringa hans i forhold til fiske, men sidan plassen hadde ein kopparepidemi nokre år tidlegare var det få som ville flytta dit.[3] Dei som bur her i dag er etterkommarar etter dei som flytta hit i 1850. I 1915 hadde talet innbyggarar her auka til 116.

Samfunn

endre

Hovudnæringsvegen i Akunnaaq er i hovudsak torskefiske og fangst.[3] Akunnaaq har ei hamn eigd av den grønlands sjølvstyresmakta, og det er eit fiskemottak her. Fisken blir salta før han blir utført. Det blir òg drive med produksjon av steinbitrogn.[3]

Akunnaaq blir tent av bygdeskipsruta til Royal Arctic Line.[3]

Folkeskulen i bygda heiter Aadap atuarfia.

Kjelder

endre