Koppar

smittsam virussjukdom
For metallet, sjå kopar. For behaldaren, sjå kopp.

Koppar, poke eller småpoke (variola) er ein svært smittsam og farleg virussjukdom hos menneske. Ein reknar at mellom 20 og 60 % av dei som vert smitta døyr av sjukdomen. Mange overlevande vert blinde på eitt eller begge augo grunna infeksjonar i hornhinnene. Inkubasjonstida er på 8–15 dagar. Første teikn på smitte er feber, så utslett som endrar seg gradvis til veskefylte blemmer (koppar). Mest alle får tydelege arrhuda etter at sjukdomen er lækt.

Gut med koppar.

Ein trur at koppar tok livet av mellom 300 og 500 millionar menneske i det 20. hundreåret. Så seint som i 1967 rekna Verdas helseorganisasjon at 15 millionar menneske vart smitta, og to millionar døydde. Etter ein vaksinasjonskampanje med godt utfall, vart det siste utbrotet av sjukdommen registert i 1977 i Somalia, og sjukdommen vart erklært utrydda av Verdas helseorganisasjon i 1979. Koppeviruset vert lagra hos styresmakter i Sambandsstatane og Russland.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Koppar
  Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.