Akustoelektrisk omformar
Akustoelektriske omformarar, lydomformar eller akustisk transduser er omformararar som konverterer frå akustisk til elektrisk energi, eller omvendt.
Akustoelektriske omformarar kan klassifiserast på ulike vis, som bruksområde, teknologi, osb. Det vil alltid vera noko overlapp mellom nokre kategoriar, som til dømes at ein ultralydomformar kan òg nyttast for hydroakustikk.
Akustoelektriske omformarar for høyrbar lydEndra
Dette er omformarar som arbeider i luft, i det høyrbare området.
Akustisk til elektriskEndra
- Mikrofonar vert nytta til mange føremål innan elektroakustikken, som til dømes målingar av lydtrykk, intensitet, effekt, osb. Mikrofonar for lydopptak finst i mange ulike variantar og med svært forskjellige karakteristikkar.
- Intensitetprober vert nytta i samband med til dømes måling av akustisk støy.
- Partikkelfartprober vert nytta for å måla farten til luftpartiklae i ein trykkgradient.
Elektrisk til akustiskEndra
- Høgtalarar vert nytta for å gje att tale og musikk og finst i mange ulike utgåver. Høgttalarar vert og nytta for romkorreksjon, måling av romakustikk, akustiske støykansellering, akustisk ekkokansellering, osb.
- Høyretelefonar vert nytta for å gje att tale og musikk når ein ikkje ynskjer å forstyrra andre.
UltralydomformararEndra
Dett er omformarar som arbeider med frekvensar over det høyrbare området, i luft, veske, levande vev, eller faststoff.
Akustisk til elektriskEndra
Elektrisk til akustiskEndra
Hydroakustiske omformararEndra
Dette er omformarar som vert nytta i vatn, i samband med sonar, ekkolodd, akustisk undervasskommunikasjon, o.l.
Akustisk til elektriskEndra
Elektrisk til akustiskEndra
Lydteknologi | |
---|---|
Lydopptak og attgjeving | Transdusarar | Analog lyd | Digital lyd | Lydsignalhandsaming | Distribusjon | Organisasjonar |