Al Batinah
Al Batinah (arabisk الباطنة, Bāţinah) var ein av regionane (mintaqah) i Oman. Den 28. oktober 2011 vart regionen delt inn i Al Batinah Nord guvernement og Al Batinah Sør guvernement.[1][2][3]
Al Batinah | |||
region | |||
Land | Oman | ||
---|---|---|---|
Koordinatar | 24°N 57°E / 24°N 57°E | ||
Hovudstad | Sohar | ||
Areal | 12 500 km² | ||
Folketal | 772 590 (2010) | ||
Folketettleik | 62 / km² | ||
Al Batinah 24°N 57°E / 24°N 57°E | |||
Kart som viser Al Batinah.
| |||
Wikimedia Commons: Al-Batinah Region, Oman |
Al Batinah-regionen, elles berre kalla Al Batinah, dekkjer det kysten av Omanbukta. Det låg mellom Khatmat Malahah i nord og Ras al-Hamra i sør og grensa til Al Hajar-fjella i vest og Omanbukta i aust. Dei fleste innbyggjarane i Oman bur i denne regionen på grunn av dei grøne slettene mellom fjella og havet.
Den tidlegare regionen hadde det største talet provinsar i Oman, tolv i alt: Sohar, Ar Rustaq, Shinas, Liwa, Saham, Al Khaburah, Suwayq, Nakhal, Wadi Al Maawil, Al Awabi, Al Musanaah, Barka. Suwayq vert rekna som den største provinsen i Batinah-regionen.
Sohar var regionshovudstad.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Al Batinah Region» frå Wikipedia på engelsk, den 3. juni 2016. m
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Guvernement i sultanatet Oman
- ↑ Seven new divisions created in Oman, arkivert frå originalen 24. mai 2013, henta 3. juni 2016
- ↑ Seven guvernements, officials named, arkivert frå originalen 9. mars 2012, henta 3. juni 2016