Opna hovudmenyen

Sohar (arabisk صُحار, òg skrive Sohār eller Suhār) er hovudstaden og den største byen i Al Batinah Nord guvernement i Oman. Det er ein gammal hovudstad i landet og var ein gong ein viktig, islamsk hamneby,[1] Sohar er òg rekna som den mytiske fødestaden til Sinbad sjøfararen.[2]

Sohar
by
Sohar-castle.jpg
Fortet i Al Hujra.
Land Flag of Oman.svg Oman
guvernement Al Batinah Nord guvernement
Høgd moh.
Koordinatar 24°20′31.2″N 56°43′47.6″E
Folketal 140 006 (2010)
Tidssone Oman standardtid (UTC+4)
Oman adm location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Sohar

I følgje ei folketeljing i 2010 hadde Sohar 140 006 innbyggjarara, som gjer han til den femte største byen i Oman.[3] Utviklinga av Sohar industrihamn i 2000-åra har omgjort byen til eit stort industrisenter i Oman.

HistorieEndra

Som den største byen i regionen, er det blitt hevda at Sohar er identifisert som oldtidsbyen Omana, som var nemnt av Plinius den eldre i hans Naturhistorie. Ein trur denne busetnaden har gjeve namn til Oman.[4]

Mange av innbyggjarane i Sohar kjem frå Al-Alawi-stamma.

KlimaEndra

Sohar har eit varmt ørkenklima (Köppen si klimaklassifisering BWh) med særs heite somrar og milde vintrar. Her kjem lite nedbør og meir enn halvparten av årsnedbøren kjem i februar, medan somrane er heilt tørre.

Klimadata for Sohar
Månad Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Varmerekord °C 32.6 32.1 37.4 44.5 46.9 48.5 50.0 45.0 43.2 42.4 37.7 33.9 50
Normal maks. temp. °C 24.2 25.3 27.5 31.9 36.3 36.9 36.2 34.7 34.1 33.0 29.5 26.1 31 31
Døgnmiddeltemp. °C 18.9 19.5 22.4 26.8 31.0 32.7 33.0 31.6 30.3 27.4 23.7 20.4 26 48
Normal min. temp. °C 12.4 13.3 16.1 19.6 23.7 26.2 28.2 27.1 24.7 20.4 16.8 14.4 12,4
Kulderekord °C 5.7 5.8 6.8 11.2 16.0 19.7 22.4 21.4 17.4 12.0 8.0 7.4 5,7
Nedbør (mm) 4.7 56.2 17.0 7.8 2.5 0.0 0.1 0.0 0.5 0.0 3.8 15.9

relativ fukt 72 74 72 65 63 70 77 80 79 73 72 74 72,6
Normale månadlege solskinstimar 269.4 228.6 230.8 276.0 322.4 310.9 281.5 275.6 276.3 284.6 257.5 259.8 3 273,4
Kjelde nr. 1: NOAA (all but average maximum, 1980-1990) [5]
Kjelde nr. 2: www.world-climates.com (average maximum) [6]

IndustriEndra

Det vert for tida gjort store investeringar i Sohar, særleg i hamna i Sohar. Hamna vart grunnlagd i 2002 på grunn av den strategiske plasseringa nær Hormuzsundet. Ho vart driven av Sohar Industrial Port Company (SIPC). Dei noverande investeringane har passert 12 mrd. dollar.

IdrettEndra

Sohar Regional Sports Complex er hovudareanen for idrett i byen.

KjelderEndra

  1. Agius, Dionisius A. (2008). Classic Ships of islam: From Mesopotamia to the Indian Ocean. Brill. s. 85. ISBN 9789004158634. Henta 5. juni 2016. 
  2. «Tourist Information». Port of Sohar. Henta 5. juni 2016. 
  3. «timesofoman.com». timesofoman.com. Henta 5. juni 2016. 
  4. Encyclopedia of islam. «Oman». E. J. Brill (Leiden), 1913.
  5. «Majis Climate Normals 1980-1990». National Oceanic and Atmospheric Administration. Henta January 15, 2013. 
  6. «Sohar Climate». www.world-climates.com. Henta January 15, 2013. 

BakgrunnsstoffEndra