Allan Alfonzo «Al» Capps (26. april 19397. juni 2018)[1] var ein USA-amerikansk plateprodusent, arrangør, låtskrivar, multi-instrumentalist og vokalist. Frå og med 1960-åra produserte han og arrangerte album for populære artistar som Cher, Andy Williams, Helen Reddy, José Feliciano, Vicki Lawrence og Liza Minnelli, og leverte filmusikk for meir enn tjue filmar. Som musikar spelte han på album med The Everly Brothers, Gábor Szabó og Frank Sinatra. Seinare i livet skreiv han musikk for reklamar.

Al Capps
Fødd26. april 1939(1939-04-26)
FødestadArkansas i USA
Død7. juni 2018 (79 år)
DødsstadMichigan i USA
FødenamnAllan Alfonzo Capps
OpphavUSA
InstrumentMulti-instrumentalist, vokalist
Verka somPlateprodusent, arrangør, låtskrivar

Capps produserte og arrangerte album for mange artistar, som Andy Williams, Helen Reddy, Vikki Carr, José Feliciano, Liza Minnelli, The Osmonds, Cher, Jennifer Warnes, The Lennon Sisters, The Ventures og The Cats. I 1970-åra var han fast arrangør for Snuff Garrett.[2][3][4]

Under innspelingar tok han stundom del som korsongar, som på albumet Introducing Sparks av Sparks.

Blant filmane han skreiv musikk for var The Windsplitter (1971), Sasquatch, the Legend of Bigfoot (1977), Buffalo Rider (1978), Smokey and the Bandit II (1980), Sharky's Machine (1981), The Cannonball Run (1981), Stroker Ace (1983) og Flawless (1999), og nokre TV-filmar.[3][5]

Kjelder

endre
  1. Allan Alfonzo Capps allenfuneralhomeinc.co Henta 15. april 2020
  2. Johan Tol and Michel Veerman, Lost on Larrabee - The 'Love in your eyes' recordings in L.A. - The Cats (Dutch), 2014, pages 16, 62-64
  3. 3,0 3,1 Worldcat, Al Capps
  4. Discogs
  5. NY Times, Al Capps filmography