Andy Williams

Andy Williams (fødd 3. desember 1927 i Iowa som Howard Andrew Williams, daud 25. september 2012 i Missouri) var ein popsongar frå USA. Williams spelte inn 44 album i løpet av karrieren og var programleiar for The Andy Williams Show frå 1962 til 1971. The Moon River Theatre i Branson i Missouri er oppkalla etter songen han er mest kjend for: «Moon River» av Johnny Mercer og Henry Mancini.

Andy Williams
Andy Williams 1963.JPG
Fødd3. desember 1927
FødestadWall Lake
Død25. september 2012 (84 år)
DødsstadBranson
FødenamnHoward Andrew Williams
OpphavUSA
Aktiv1938–2012
Sjangerpop, easy listening, jazz, Country
Instrumentvokal
Stemmetypebaryton
PlateselskapSony Music, Apex, Columbia Records, Sony BMG, Cadence
Verka somsongar, kunstsamlar, musikar, skodespelar, produsent, programleiar, musikkprodusent, låtskrivar, plateartist
Gift medClaudine Longet
PrisarEllis Island Medal of Honor, stjerne på Hollywood Walk of Fame

Williams gjekk til topps på hitlista Billboard Hot 100 i USA med singelen Butterfly i 1957. Han fekk òg førsteplassar på Billboards Adult Contemporary chart med singelane «Can't Get Used To Losing You» (1963), «In The Arms Of Love» (1966), «Happy Heart» (1969) og «(Where Do I Begin?) Love Story» (1971).

Andy Williams gav ut ei mengd album frå 1948, då han var med på singelen Jubilee til Williams Brothers saman med Kay Thompson. Han spelte inn sitt fyrste soloalbum, Andy Williams Sings Steve Allen, åtte år seinare, og blei verande aktiv i musikkindustrien gjennom dei følgjande 56 åra. Han spelte inn 43 studioalbum, og gav i tillegg ut samlealbum og anna.

VerkEndra

StudioalbumEndra

  • Andy Williams Sings Steve Allen (1956)
  • Andy Williams Sings Rodgers and Hammerstein (1958)
  • Two Time Winners (1959)
  • To You Sweetheart, Aloha (1959)
  • Lonely Street (1959)
  • The Village of St. Bernadette (1960)
  • Under Paris Skies (1960)
  • Danny Boy and Other Songs I Love to Sing (1962)
  • Moon River and Other Great Movie Themes (1962)
  • Million Seller Songs (1962)
  • Warm and Willing (1962)
  • Days of Wine and Roses and Other TV Requests (1963)
  • The Andy Williams Christmas Album (1963)
  • The Wonderful World of Andy Williams (1964)
  • The Academy Award-Winning "Call Me Irresponsible" and Other Hit Songs from the Movies (1964)
  • The Great Songs from "My Fair Lady" and Other Broadway Hits (1964)
  • Andy Williams' Dear Heart (1965)
  • Merry Christmas (1965)
  • The Shadow of Your Smile (1966)
  • In the Arms of Love (1966)
  • Born Free (1967)
  • Love, Andy (1967)
  • Honey (1968)
  • Happy Heart (1969)
  • Get Together with Andy Williams (1969)
  • Raindrops Keep Fallin' on My Head (1970)
  • The Andy Williams Show (1970)
  • Love Story (1971)
  • You've Got a Friend (1971)
  • Love Theme from "The Godfather" (1972)
  • Alone Again (Naturally) (1972)
  • Solitaire (1973)
  • The Way We Were (1974)
  • Christmas Present (1974)
  • You Lay So Easy on My Mind (1974)
  • The Other Side of Me (1975)
  • Andy (1976)
  • Let's Love While We Can (1980)
  • Greatest Love Classics (1984)
  • Close Enough for Love (1986)
  • I Still Believe in Santa Claus (1990)
  • Nashville (1991)
  • We Need a Little Christmas (1995)
  • I Don't Remember Ever Growing Up (2007)

FilmarEndra

  • 1944: Janie
  • 1944: Kansas City Kitty
  • 1947: Ladies' Man
  • 1947: Something in the Wind
  • 1960: The Man in the Moon
  • 1964: I'd Rather Be Rich
  • 1999: Dorival Caymmi (dokumentar)
  • 2009: Sebring (dokumentar)

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedium som gjeld: Andy Williams