Al Thakhira er ein landsby ved kysten i Al Khor kommune i Qatar, kring 7 km nordaust i byen Al Khor. Al Dakhira naturreservat ligg i området, og er ei øy med mangrover og ei strand.[1]

Al Thakhira
الذخيره
landsby
Al Thakhira-stranda i Qatar
Land  Qatar
Kommune Al Khor
Koordinatar 25°44′05″N 51°32′51″E / 25.73472°N 51.54750°E / 25.73472; 51.54750
Folketal 13 511  (2004)
Kart
Al Thakhira
25°44′05″N 51°32′51″E / 25.73472222°N 51.5475°E / 25.73472222; 51.5475
Kart som viser Al Thakhira.
Kart som viser Al Thakhira.
Kart som viser Al Thakhira.
Wikimedia Commons: Al Dhakhira
Mangroveøy i Al Thakhira
Mangrover i Al Thakhira

Historie

endre

J.G. Lorimer skreiv i Gazetteer of Gulf of Persia om Al Thakhira i 1908:

«

Ein landsby på austkysten av Qatar, ved ein khor eller ei vik med same namn, kring 45 km nord for Doha, og består av kring 100 hus som tilhøyrer Mahandah-stamma (Al Muhannadi). Folket er alle perledykkarar, og har ingen andre jobbar utanom fiske og dei eig ingen dyr. Landsbyen eig femten perlebåtar (bemanna av 180 mann), to andre havgåande fartøy og fem fiskebåtar. Av transportdyr finn ein 10 kamelar. Drikkevatnet kjem frå Lubwairdah, 3,5 km mot nordvest.[2]

»

Idrett

endre

Al Thakhira har sin eigen amatørfotballiga.[3] I 2005 vart Al Thakhira FC skipa og har konkurrert i den QFA-godkjende Qatar amatørliga sidan 2013.[3]

Kjelder

endre
  1. Natural Landmarks[daud lenkje] Qatar Tourism
  2. «'Gazetteer of Arabia Vol. I' [525] (556/1050)». Qatar Digital Library. Henta 6. februar 2017. , Denne artikkelen inneheld tekst frå denne kjelda, som er i offentleg eige.
  3. 3,0 3,1 «QAL: Amateur, but spirited!». Doha Stadium Plus Qatar. 5. februar 2014. Arkivert frå originalen 30. mai 2015. Henta 31. juli 2015.