68°3′14.638″N 20°10′27.595″E / 68.05406611°N 20.17433194°E / 68.05406611; 20.17433194 Alajaure (finsk: Alajärvi; nordsamisk: Alajávri) er den tredje største innsjøen langs Torne älv, og han ligg 25 km nedstraums frå Torneträsk. Innsjøen er om lag ti km lang og er på det djupaste 20 meter. Den 170 000 hektar store øya nord for Alajaure er sidan 1980 Alajaure naturreservat, og dessuten eit Natura 2000-verna område.

Alajaures innløp er Jekakoski, mange bekker og kjelder, og utløpet er Vakkakoski. Alajávri er nordsamisk og har blitt nytta på kart sidan 1983, medan innsjøen lokalt vert kalla Alajärvi, som er finsk for «nedre sjøen». Alajaure, Jiekajärvi og Tarrajärvi har eigen bestand av røye som har tatt seg ned frå Torneträsk, men denne er i ferd med å bli utrydda av sik, som dominerer innsjøen. Innsjøen har lange tradisjoner med fiske. I området finst eit titals hytter, og ein av dei første til å bygge ei var Hans Rikard Stöckel i 1929. Heilt sidan 1600-1700-talet har folk reist hit frå Kurravaara for å fiske.

Kjelder endre