Sik
Sik
Sik
Status
Status i verda: VU Sårbar
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Actinopteri
Overorden: Protacanthopterygii
Orden: Laksefiskar Salmoniformes
Familie: Laksefamilien Salmonidae
Underfamilie: Coregonidae
Slekt: Coregonus
Art: Sik C. lavaretus
Vitskapleg namn
Coregonus lavaretus

Sik (Coregonus lavaretus) er ein ferskvassfisk i laksefamilien. Han finst i innsjøar og store elvar over nesten heile den nordlege halvkula frå Sentral-Europa og nordover. I Noreg finst arten på Austlandet, langs sørlandskysten, på Jæren og i Nord-Noreg.

Kjenneteikn endre

Siken er slank med sølvblanke sider, mørk rygg og kvit buk. Halefinnen er djupt kløfta, og skjela ganske store. Munnen sit ytst på snuta, og er svakt overbitt. Hannen har vorter på hovudet og ryggen i gytetida.

Vanlegvis har siken færre enn 40 gjellestavar. Han kan bli opp til 70 cm lang og 8-10 kg tung, men vert sjeldan meir enn 1 kg. Dei ulike bestandane varierer sterkt i storleik, ofte kan òg ulike variantar opptre innanfor same bestand.

Levesett endre

Sik lever i innsjøar og store elvar, somme av dei kan òg gjennomføra næringsvandringar ut i brakkvatn. I store innsjøar er det ofte fleire gytebestandar av sik som har liten eller ingen omgang med kvarandre. Dei lever på ulike måtar; såkalla siksild sym til dømes i dei frie vassmassane og beitar på krepsdyrplankton medan botnsik er botnlevande og et ymse bentiske virvellause dyr. Stor sik tek òg fiskeyngel.

Gytetida er om hausten og vinteren, over fast botn. Dei kan gyta både i elvar og innsjøar, frå strandsona og ned til nærare 50 m. Yngelen klekker om våren og er då om lag 15 mm lang. Korleis livet går vidare varierer frå bestand til bestand, men vanleg storleik ved kjønnsmodning er mellom 15 og 40 cm. Når dei er så store er dei 2-10 år gamle.

Kjelder endre

  • Sandlund, Odd Terje: «Sik» i Norges dyr - Fiskene 1 Cappelen 1992
  • Sandlund, Odd Terje & Næsje, Tor F.: «Komplekse, laksefisk-dominerte fiskesamfunn på Østlandet» i Borgstrøm, Reidar & Hansen, Lars Petter (red): Fisk i ferskvann - et samspill mellom bestander, miljø og forvaltning Landbruksforlaget 2000
  • FishBase[daud lenkje]

Bakgrunnsstoff endre